Hopp til innhold

Ulstein ankar dom etter mobbesak

Ulstein kommune blei dømd til å betale nesten to millionar i erstatning til ein tidligare elev som blei mobba. No ankar kommunen dommen i mobbesaka.

Ulstein rådhus

Ulstein kommune har bestemt seg for å anke dommen i mobbesaka.

Foto: Arne Flatin / NRK

23. november 2016 blei Ulstein kommune dømd til å betale erstatning til ein tidlegare skuleelev som hevda han hadde blitt utsatt for omfattende mobbing i grunnskulen.

Tysdag vedtok eit samrøystes formannskap at dei ankar dommen frå Sunnmøre tingrett.

– Etter nøye vurdering har kommunen bestemt seg for å anke avgjerda til Frostating lagmannsrett. Tingretten si avgjerd er etter kommunens vurdering basert på feil rettsbruk og feil bevisdømming, skriv kommunen i ei pressemelding.

Dermed blir det opp til Frostating lagmannsrett og gjere ei ny vurdering av saka.

Kommunen ønskjer ikkje å kommentere saka vidare i dag.

Saka blir oppdatert.

Dømd til å betale nesten to millionar

Glen Børge Løset Flø meinte at han vart utsett for omfattande mobbing frå 2. klasse og ut ungdomsskulen og gjekk til sak mot Ulstein kommune.

Kommunen tapte på alle punkt i Sunnmøre tingrett og blei dømd til å betale å betale Flø 1, 66 millionar kroner i personleg erstatning og 300.000 kroner i økonomisk tap.

Retten skriv at bevisførselen har sannsynleggjort at Flø vart utsett for alvorleg og vedvarande mobbing. I dommen står det at det spesielle i saka er at skulen var opptekne av Flø sin situasjon og meinte å ha sett i verk ei rekkje tiltak for å betre denne. Retten meiner at dette ikkje var nok, sidan mobbinga ikkje tok slutt.