Marit Vestad ved fylkeslegens kontor seier kommunane har gjort seg skuldige i alvorlege lovbrot mot psykisk utviklingshemma. Fylkesleiar i Norsk forbund for utviklingshemma, Svein Rune Johanessen, er rysta over forholda i dei to kommunane.
– Rettstryggleiken sett til side
Bruk av tvang er eitt av dei sterkaste verkemidla eit samfunn kan ta i bruk mot privatpersonar. Difor er reglane for slike inngrep svært strenge. Vestad seier at rettstryggleiken til desse pesonane blir sett til side når ein ikkje har gyldige vedtak.
Svein Rune Johannessen (Foto: Helge Standal)
Helsetilsynet har i løpet av året produsert rapport etter rapport på grove rettigheitsbrot for pykisk utviklignshemma både i kommunane og Møre og Romsdal fylke. Foreldre til psykisk utviklingshemma har stått fram, fortvilte over kampen mot det offentlege.
Helsetilsynet held fram med å dokumentere brot på rettane til psykisk utviklingshemma. Svein Rune Johanessen i Norsk forbund for psykisk utviklingshemma i Møre og Romsdal er oppgitt.