Hopp til innhold

Fryktar djupe hjulspor i naturreservat aldri forsvinn

Politiet etterforskar saka etter at det er oppdaga djupe hjulspor i eitt av landets største, verna myrlandskap. Fagfolk fryktar spora kanskje aldri går vekk.

Spor i terrenget

Det var ikkje slik det freda naturreservatet skulle sjå ut denne våren. Bildet som Fylkesmannen har sendt over til politiet viser spor etter ulovleg køyring i naturreservatet i Fræna i Møre og Romsdal.

Foto: Fylkesmannen

Ikkje alt er som det skal i det naturskjønne naturreservatet i Fræna i Møre og Romsdal. For der myra skulle ligge som eit unikt teppe over jord og stein, har nokon køyrt med store hjul og laga djupe spor.

Gule-/Stavikmyrane naturreservat i Fræna er eitt av landets største, verna myrlandskap og blei freda med ein eigen forskrift i 1996. Her står det spesifikt at motorisert ferdsel er forbode.

– Eg syns det er ille, det skadar naturen og det er ikkje akseptabelt, difor ser vi alvorleg på det. All køyringa har laga stygge jordspor i den verneverdige myra, seier Ola Betten, som er fagansvarleg for naturforvaltning hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Les også:

Vil ha saka etterforska

Ola Betten i Venstre i Molde

Ola Betten hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ikkje glad for at folk køyrer ulovleg i naturreservatet i Fræna. Han meiner hjulspor kan setje spor for alltid.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det er ikkje første gongen at folk har køyrt ulovleg med firhjulingar i det freda området. Også ein gong før melde Fylkesmannen saka til politiet, men då stranda etterforskinga på manglande bevis. Betten håper det ikkje blir konklusjonen denne gongen.

– Vi har forsøkt å gjere jobben til politiet så enkel som råd, seier han.

– Har de gitt politiet tips om namngjevne folk?

– Eg vil ikkje kommentere detaljar, men det skal vere gode sjansar for oppklaring, slår Betten fast.

Han vil ikkje seie noko om korleis dei blei klar over skadane eller om folk har sett firhjulingane i aktivitet, men seier dei har fleire bevis. Betten strekar også under at det er både gamle og nye spor i området, og at det tyder på omfattande ulovleg køyring.

Les også:

Spor for evig

Fylkesmannen har sendt over fleire bilde til politiet, som viser spora i terrenget. Betten seier at enkelte av dei djupaste spora i dei våtaste områda, kan bli verande for all tid.

Spor etter ATV-køyring, Fræna

Fagansvarleg Ola Betten hos Fylkesmannen seier dei vil ha slutt på den ulovlege køyringa, og at dei håper politiet no får stoppa dei som står bak.

Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

– Det går veldig mange år før det gror igjen. Ein del vil stå til evig tid dersom vi ikkje gjer noko med det, seier han og seier dei førebels ikkje har vurdert å forsøkje å reparere skadane i terrenget.

Operasjonsleiar Aron Tonning ved Møre og Romsdal politidistrikt stadfestar at saka er mottatt hos politiet. Han seier ingen så langt er avhøyrt, men at saka blir etterforska.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no