NRK Meny
Normal

Fryktar drosjeeigarar må gi seg

Anboda Helse Midt-Norge har lagt ut på pasienttransport er så lite lukrative at fylkets største drosjeselskap ikkje vil legge inn tilbod.

Knut Magne Jektvik opplever at piratdrosjer blir frekkere og fekkere

Knut Magne Jektvik, fungerande styreleiar i Nordvest Taxi AS, er oppgitt over det han kallar urimelege krav frå Helse Midt-Noreg

Foto: Anne Mari Flatset

Sjølv om transport av pasientar er den viktigaste inntektskjelda til drosjenæringa, er det no lite fristande for det største drosjeselskapet i Møre og Romsdal, Nordvest Taxi AS å halde fram med den type køyring.

Grunnen er at Helse Midt-Noreg stiller urimelege krav i sine anbod på pasienttransport, seier fungerande styreleiar Knut Magne Jektvik.

– Vilkåra er ikkje gode nok til at vi kan akseptere dei, seier fungerande styreleiar Knut Magne Jektvik.

– Urimelege krav

Drosjene er rimeleg avhengige av pasienttransporten og på bygdene kjem opptil 80 prosent av det dei tener inn på pasientkøyring. Då skulle ein tru at drosjeselskapa står i kø for å få køyre pasientar, men slik har det ikkje vore etter dei siste anboda frå Helse Midt-Noreg kom ut.

Ifølgje Jektvik vart det gjort mikroskopiske endringar etter at det var stille frå alle då anbodet om tre år med pasientkøyring frå 2018 vart lagt ut i mai. Måndag gjekk den nye fristen ut.

Krava Helse Midt-Noreg stiller er blant anna at det skal vere tilgang på maxitaxi for transport av passasjerar med funksjonshemming i alle kommunar. Tidlegare har det blitt løyst ved at ein bruker maxitaxi frå den kommunen som har det, men no vil ikkje Helse Midt-Noreg vere med på å betale for det.

Krava om utforming av bilane er mykje strengare enn krava til samferdsleavdelinga i fylket og det skal ikkje vere ventetid på meir enn 15 minutt på såkalla øyeblikksturar.

– Då må vi ha både kapasitet og reservekapasitet tilgjengeleg til ei kvar tid, men dei kan ikkje fortelje oss kor mykje dei har behov for i dei ulike områda og då blir det eit umogleg reknestykke, seier Jektvik.

80 % av omsetnaden kan forsvinne

Knut Magne Jektvik fortel helseføretaket vil ha 40 prosent avslag på enkelte typar køyring, samtidig som dei vil ha ytterlegare rabatt. I staden for anbod har Nordvest Taxi AS sendt brev til Helse Midt-Noreg og skrive kva dei meiner.

– Vi køyrer gjerne for helseføretaket og vi tilbyr gode rabattar fordi dei er ein stor kunde, men vi kan ikkje vere med på at dei snur heile næringa vår på hovudet. Eg kan ikkje forstå at dette er lønsamt for nokon.

Samtidig er det ikkje berre berre å slutte med pasienttransport heller. Forsvinn 80% av omsetnaden er det ganske mange som ikkje finn det lønsamt å køyre drosje lenger.

Kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Noreg, Tor-Harald Haukås seier til NRK at dei ikkje kan kommentere saka.

– Helse Midt-Noreg er i ein anskaffelsesprosess og ønskjer ikkje å kommentere noko som har med anbodsrunda å gjere no.