NRK Meny
Normal

Ullensvang truleg ute av drift i lang tid etter brann i motor

Den omstridde ferja «Ullensvang» vil truleg vere ute av drift i lang tid etter røykutvikling i motoren tysdag kveld. Selskapet Norled meiner det var «forbanna irriterande».

Ullensvang til kai

Det er meldt om røykutvikling på ferja «Ullensvang» tysdag kveld.

Foto: tipsar

Norled stadfestar tysdag kveld at dei har hatt ein motorstopp på ferja «Ullensvang» tysdag kveld, og også at det har vore ei røykutvikling.

Inge Andre Utåker er regionsjef i Norled

Regionsjef Inge Andre Utåker trur «Ullensvang» kjem til å vere ute av drift i lang tid framover.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var forbanna irriterande at dette skjedde no. Eg reknar med at diskusjonen rundt ferja no blussar opp igjen, seier regionssjef Inge Andre Utåker i Norled.

Selskapet ville først ikkje stadfeste opplysningane om røykutvikling på ferja.

Eg vil ikkje kommentere det.

– Kvifor ikkje?

Eg vil ikkje seie noko meir om det, sa viseadm. direktør Lars Jacob Engelsen då NRK først kom i kontakt med selskapet etter mange telefonar.

Nye problem for «Ullensvang»

Ferjekrøll i Hareid

Ferja «Ullensvang» til kai saman med Tidefjord ved kai i Hareid tysdag kveld.

Foto: tipsar

Problema rundt ferja «Ullensvang» held dermed fram. Næringslivet og privatfolk har kjempa for å unngå at den snart 30 år gamle ferja skulle setjast inn i sambandet, men det skjedde likevel frå nyttår. Men Norled har meint at problema er overdrivne.

Det er enten ei kopling eller giret som har brent seg fast. Det har blitt varmt, og dermed har det kome opp oljedamp, delvis gjennom ventilasjonslukene, seier regionsjef Inge Andre Utåker.

Han trur skaden på motoren er alvorleg, og at det vil ta lang tid før ferja er i drift igjen. I mellomtida skal 76-bilars-ferja «Høgsfjord» ta over, med langt mindre kapasitet. Det betyr køar og ventetid.

Les også:

Tips om røyk frå motoren

Det kom tysdag kveld inn fleire tips til NRK Møre og Romsdal om at ferja ikkje gjekk som ho skulle på sambandet Hareid-Sulesund, og at det var meldt om røykutvikling frå motorrommet.

Ingen hos Norled tok telefonen og kunne stadfeste det, heller ikkje brannvesenet eller politiet har fått opplysningar om dette.

Skal ha fått melding på høgtalaranlegget

Vikebladet Vestposten skriv på sine sine tysdag kveld at passasjerane ombord i ferja fekk melding over høgtalaranlegget om røykutviklinga. Etter kort tid skal det ha kome beskjed om at situasjonen var under kontroll. Men etter det skal det ha kome ny røyk.

Norled seier tysdag kveld at situasjonen er under kontroll.

Vi har hatt ein motorstopp på «Ullensvang». Det skjedde ute på fjorden, det er ingen personskadar og var heilt udramatisk. Farøyet går no vidare til Hareid, så vil Tidefjord ta opp ruta frå klokka 22.30, seier Engelsen.