NRK Meny
Normal

– Det kan godt vere forskjell på kvardag og helg

Den nye borgarlege regjeringa vil ha søndagsopne butikkar. Blant kundane og butikkeigarane er meiningane delte.

Det er ingen jubel for søndagsopne butikkar verken blant kundar eller tilsette. Det er derfor uvisst kva ei lovendring som den nye regjeringa vil ha får å seie, om den blir vedteken.

Karoline Isaksen tykkjer det er greit å kunne kjøpe litt matvarer på søndagar. Men ho meiner også at det er greit at søndagen skiljer seg ut frå kvardagane.

Som elles i veka er det mykje folk ute og handlar på ein tysdag. Og dei aller fleste har fått med seg at søndagsopne butikkar kan bli meir vanleg i nær framtid. Det er den nye regjeringa som opnar for dette.

Harald Frostad

Harald Frostad er leiar i Ålesund sentrumsforening.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Mari Østrem

Mari Østrem er butikkmedarbeidar på Cubus i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Tore Johan Øvstebø

Tore Johan Øvstebø er bystyremedlem for Krf.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det kan vere fint å få tak i matvarer om ein har gløymt å handle alt. Men eg er ikkje for at det skal vere fritt fram. Det kan godt vere forskjell på kvardag og helg, seier Karoline Isaksen. Ho er i ein butikk og ser etter klede til barna.

Kva meiner du? Delta gjerne i debatten i kommentarfeltet under artikkelen.

– Opp til kvar einskild

I regjeringserklæringa går Høgre og Framstegspartiet inn for å sleppe handelsnæringa fri. Det kan bli ei lovendring, og dermed kan butikkeigarane sjølve avgjere om dei skal halde ope på søndagane.

Då blir det opp til kvar einskild. Og det er positivt, seier Harald Frostad, leiar i Ålesund sentrumsforening.

– Kundane finn rom til handling

Men fleire av butikkmedarbeidarane NRK snakka med tysdag uttrykte ein viss skepsis til at butikkane skal halde ope på søndag.

Eg er ikkje for dette. Vi har ope for publikum frå 10.00 til 20.00 på vekedagane og frå 10.00 til 18.00 på laurdagane. Eg trur at kundane finn rom til å kunne handle innanfor desse tidspunkta, seier butikkmedarbeidar Mari Østrem på Cubus i Ålesund.

– Ta vare på vekerytma

I Ålesund fins det alt i dag nokre Brustad-buer som held ope på søndagar. I tillegg har Ålesund kommune sendt ein søknad om at butikkane i sentrum skal kunne halde ope i turistsesongen.

Kristeleg folkeparti stemte i mot dette. Det fins gode rytmer i livet. Søndagen tilhøyrer denne gode rytmen. Difor er det viktig å ta vare på den dagen i veka då ein skal kvile, seier bystyremedlem Tore Johan Øvstebø, Krf.