Hopp til innhold

Sjukehus behandlar seine fødslar ulikt. Har ulike retningsliner

Dersom du er gravid, og fødselen ikkje kjem i gang når han skal, blir du ulikt behandla alt etter kva sjukehus du soknar til. I Noreg fins det to svært ulike sett med retningsliner for korleis seine fødslar skal behandlast.

Fødeavdelinga i Kristiansund

Ved fødeavdelinga i Kristiansund brukar dei retningslinene frå Norsk gynekologisk foreining.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei ulike retningslinene er utarbeidde av ulike fagmiljø. Det eine regelsettet kjem frå foreininga til gynekologane. Det andre regelsettet er forholdsvis nytt, og er utarbeidd av Helsedirektoratet.

Odd Veddeng

Odd Veddeng er fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– Vi har ulike retningsliner. Norsk gynekologisk foreining har ei retningsline og Helsedirektoratet har ei anna, seier fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Odd Veddeng.

– Blei nekta keisarsnitt

Sist veke fortalde NRK historia til Hezar Sadi Zadik. Ho gjekk 16 dagar over terminen. Ho visste at andre i familien hadde vanskar med å føde naturleg, og bad om keisarsnitt. Det fekk ho ikkje, og barnet døde før fødselen.

Hezar Sadi Zadik skulle føde ved sjukehuset i Kristiansund. Der brukar dei retningslinene frå Norsk gynekologisk foreining. Dette er dei retningslinene som tillet helsepersonalet å vente lengst med å setje i gang tiltak for å få ein fødsel som har gått over termin i gang.

– Raskare til kontroll på Sunnmøre

Ved to andre sjukehus, i same fylket, gjeld heilt andre reglar. Fødeavdelingane i Ålesund og Volda er blant dei som har teke i bruk dei nye retningslinene frå Helsedirektoratet. Fødeavdelingane i Molde og Kristiansund held seg framleis til rettleiinga frå Norsk gynekologisk foreining.

Retningslinene har forskjellige tidspunkt for når gravide som har gått over terminen skal kallast inn til kontroll.

– Norsk gynekologisk foreining tilrår at kvinnene som går over terminen skal kallast inn mellom dag 7 og 12. Helsedirektoratet seier at dei skal kallast inn på den sjuande dagen, fortel Sissel Hjelle, overlege ved fødeavdelinga i Ålesund.

– Fagfolka er usamde

På Sunnmøre set fødeavdelingane i gang fødselen seinast 11 dagar etter terminen. Men på Nordmøre og i Romsdal er dei gravide ikkje nødvendigvis kalla inn til kontroll enno.

– Det er ikkje semje i fagmiljøa om dei nye retningslinene som er komne frå Helsedirektoratet. Lange frå alle sjukehus i Noreg har teke dei nye retningslinene i bruk, seier Veddeng.

– Ønskjer felles retningsliner

Fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal set no i gang eit arbeid som skal sikre at alle sjukehusa i helseføretaket skal følgje dei same retningslinene.

– Vi ønskjer å ha felles retningsliner i heile helseføretaket, seier Veddeng.