Hopp til innhold

Ulik behandling av nedkjølte barn

For eitt år sidan rømte vesle Sakarias Øvrebust (2) frå grindsenga si. Ute var det 10 minusgrader, og foreldra fann han livlaus på gardstunet i Stordal på Sunnmøre. Eittåringen berga livet trass i at han vart sendt til feil sjukehus. I dag blir sterkt nedkjølte barn behandla forskjellig alt etter kvar i landet ulykka skjer.

Video NEDKJØLT

Pappa Johan Bernt Øvrebust var overbevist om at sonen var død han fann han sterkt nedkjølt her på gardstunet 1. desember 2010.

Eittåringen smatt lydlaust ut av døra. Dette kunne kosta han livet.

– Eg var sikker på at han var død. Det var eg heilt sikker på, seier pappa Johan Bernt Øvrebust.

LES ÒG:

Det var luftambulansen som rykte ut frå Ålesund. Kroppstemperaturen var på 21 grader og Sakarias var livlaus. Han kunne ha behov for oppvarming på hjarte- og lungemaskin.

Johan Bernt Øvrebust

Far til Sakarias Johan Bernt Øvrebust.

Foto: Roar Strøm / NRK

Men mannskapet om bord luftambulansen var ikkje sikker på kvar dei skulle fly pasienten.

Sendt til feil sjukehus

I dag behandlast nedkjølte barn forskjellig, alt etter kvar ulykka skjer. Det er ikkje alle sjukehus som har utstyr og kompetanse til å utføre behandlinga som trengst.

Rikshospitalet har best kompetanse på hjartekirurgi for barn. Sjukehusa i Tromsø og på Haukeland behandlar òg slike pasientar.

Sakarias Øvrebust vart frakta til St. Olavs Hospital.

Det helikopterlegen ikkje visste på det tidspunktet var at St. Olavs Hospital ikkje kan behandle barn under fem år på hjerte- og lungemaskin. Noko som kunne bli nødvendig for å berge den vesle guten.

– Framleis uklart

Den uklare situasjonen er verst i Helse Midt-Noreg.

Helseføretaket er det einaste i landet som unntaksvis behandlar nedkjølte barn.

Kristen Rasmussen

Seksjonsoverlege ved Luftambulansen i Ålesund, Kristen Rasmussen.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Seksjonsoverlege ved Luftambulansen i Ålesund, Kristen Rasmussen er oppgitt over situasjonen.

– Eg skulle gjerne sagt at alt er klårare no, og at vi veit kva vi skal gjere, men det er ikkje tilfellet, seier Rasmussen.

– Skulle det same ha skjedd i dag og eg var helikopterlege ville eg vore veldig usikker på kva eg skulle gjere i situasjonen.

Krev svar

NRK veit òg at denne uvissa skapte forvirring under den tragiske drukningsulykka der to 9 år gamle jenter omkom i Kristiansund for knappe to år sidan.

LES ÒG:

No etterlyser redningsmannskapet klart svar frå Helse Midt-Norge.

– Det er ulikt korleis dei ulike fagmiljøa ved dei ulike regionsjukehusa har gått ut og annonsert kva type tilbod dei har. På grunn av den manglande erfaringa med dei aller minste barna på St. Olavs Hospital, så vil dei ikkje seie at dei har den kompetansen, seier Nils Herman Eriksson, direktør i Helse Midt-Noreg.

– Håper har lært

For familien i Stordalen vart det ein lykkeleg slutt. Men Johan Bernt Øvrebust har gjort seg nokon tankar om det som skjedde.

– I ettertida får ein håpe at nokon har lært av dette, og at ein klarer å få på plass både kompetansen og utstyret som trengst.

Gut nedkjølt Stordalen

No er grindsenga til Sakarias bygd for å hindre at han skal klare å rømme igjen.

Foto: Roar Strøm / NRK