Hopp til innhold

Ukrainske Lilia flykta til norsk Instagram-venn

Då det braut ut krig i heimlandet til ukrainske Lilia fekk ho tilbod om å bu hos si norske venninne, Anna. No har dei blitt som søstrer.

Lilia Yatsenko og Anna Gangstad i senga

Lilia Yatsenko t.v flytta inn hos venninna Anna Gangstad og hennar familie i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I ei seng i Ålesund sit to tenåringar og ler høgt. Dei sminkar seg og ser videoar. I huset bur det fem ungdommar, to vaksne, ein katt og ein hund.

– Då krigen kom var eg veldig redd for Lilia, seier Anna Gangstad.

Blei bestevennar

Sunnmørsjenta blei kjent med ukrainske Lilia gjennom deira felles interesse for koreansk popmusikk for over tre år sidan.

Dei begynte å snakke saman i sosiale medium og snart blei dei digitale bestevenninner. Dei delte sine inste hemmelegheiter og snakka saman nesten kvar dag etter skulen.

Så kom krigen.

Lilia Yatsenko og Anna Gangstad

Lilia og Anna blei kjende med kvarandre gjennom Instagram i 2019. Etter det har dei prata med kvarandre nesten dagleg.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Flykta frå Kyiv

– Det var skummelt. Ingen klarte å sove og vi måtte flykte frå Kyiv, fortel Lilia. Ho og familien drog til ein gard i Rivne, som ligg nordvest i Ukraina. Anna i Noreg fekk full oppdatering heile tida på korleis Lilia hadde det.

Dei første vekene tenkte tenåringsjentene at krigen snart var slutt. Men bombinga heldt fram og Anna var bekymra.

– Det starta litt på tull. Eg sa at Lilia kunne komme hit, så eg kunne passe på henne, smiler Anna. Men planen var så god at Anna ikkje kunne gi slepp på den. Seint ein kveld spurte ho mamma Helen om den store familien hadde plass til Lilia.

Det umiddelbare svaret var ja.

Lilia Yatsenko

Lilia har god tid når resten av familien er på skule og jobb. Då er hunden Anton god å ha.

Lilia Yatsenko og Anna Gangstad

Dei to hadde aldri møtt kvarandre fysisk før Lilia kom til Ålesund 17. april.

Lilia Yatsenko og Anna Gangstad

Lilia og Anna meiner dei er svært forskjellige, men dei ler mykje saman.

Lilia og Anna Gangstad

Lilia og Anna kjenner seg som søstrer no.

Farga håret blått

Lilja trudde nesten ikkje det var sant at familien kunne ta imot henne, og blei først overtydd då ho fekk vite at dei pussa opp eit rom til henne.

– Eg har aldri hatt mitt eige rom med dør før, smiler Lilia. Utanfor soveromsvindauget står katten og vil inn til henne.

Ho var livredd for å dra til eit framand land åleine til ein familie ho ikkje kjende, men foreldra oppmuntra henne til å dra. Dei såg at tenåringsdottera var deprimert av krigen.

Dei to venninnene hadde aldri møttest fysisk før, men fann tonen umiddelbart etter at Lilia landa på flyplassen. I bilen heim høyrde dei på favorittmusikken og song med.

Det aller første Lilia gjorde i Noreg var å farge håret sitt blått.

– Eg følte meg fri, smiler 18-åringen.

Anna Gangstad og Lilia Yatsenko

Lilia elskar å bake. Ho har lært seg å lage kanelsnurrar i Noreg.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Har fått jobb

På kjøkkenet viser Lilia fram kanelbollane ho har baka. Ho har mykje fritid sidan ho berre har få timar med digital undervisning på universitetet i veka.

– Favorittprodukta mine i Noreg er bollemiks, saft og oboy, ler Lilia. Om få dagar byrjar ein ny kvardag. Då skal ho ut i arbeidslivet.

Draumen er at krigen i Ukraina skal ta slutt så ho får treffe familien sin snart. Lilia snakkar med foreldra nesten kvar dag og for dei er det godt å vite at dottera er trygg.

I Noreg har vennskapet mellom dei to jentene fått ein ny dimensjon.

– Vi er nærare no på ein heil annan måte. Vi er ikkje berre bestevennar, men meir som søstrer, seier Anna.

Lilia Yatsenko og Anna Gangstad sminkar seg

Lilia og Anna brukar å sminke seg i lag. No føler dei seg som søstrer.

Foto: Øyvind Sandnes / n11257

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL