Hopp til innhold

UKM feirar 30 år

Denne helga er det igjen duka for fylkesmønstring i UKM. Sjå bileta frå arrangementa her.

UKM Møre og Romsdal 2015
Foto: Silje Bjerknes / nrk

Årets fylkesmønstring i UKM arrangerast denne helga i Herøy Kulturhus.

NRK Møre og Romsdal følger arrangementet gjennom heile helga.

I løpet av seks framsyningar kan du få med deg heile 118 ulike sceneinnslag. I tillegg er det ei kunstutstilling med 60 kunstverk.

30 år

I år er det 30 år sidan den første fylkesmønstringa vart arrangert i Molde. Ungdomens kulturmønstring (UKM) har i løpet av åra utvikla seg til å bli landets største offentlege satsing på ungdomskultur.

Det som starta som eit musikkarrangement i 1985 er i dag eit av dei breiaste kulturarenaene for unge i dag. Kunstnarar, forfattarar, dansarar, musikarar, fotografar og mange andre talent samlar seg kvart år for å delta på UKM.

Sjå bileta frå kunstutstillinga her:

Kunstutstilling UKM Møre og romsdal 15
Foto: Silje Bjerknes / nrk