Uklart skadeomfang

Kriminalteknikarar frå politiet gjer no undersøkingar på staden etter ein frontkollisjon på fylkesveg 653 i Ørsta måndag morgon. I tillegg er ulykkesgruppa til Statens vegvesen på veg til staden, opplyser Roar Fylling, operasjonsleiar i politiet. To personar er frakta til sjukehus etter ulykka, den eine skal ha vore fastklemt. Skadeomfang er så langt ukjent. Trafikken blir dirigert forbi skadestaden.