Uklart om nokon er tatt av skred

Lokalt mannskap har ikkje observert bilar i skredet i Geiranger, men det er uoversiktleg og umogeleg å utelukke, opplyser politiet. – Vi jobbar med å få søksutstyr og mannskap til området. Det har snødd tett og dette har medført vanskar for redningshelikopter. Vi har også mannskap i båt på veg til staden, skriv politiet.