Hopp til innhold

Uklart når Bamba er tilbake

Kristiansund Ballklubb veit framleis ikkje kor lenge dei må klare seg utan spiss Daouda Bamba som blei skadd mot Molde. Brot er likevel utelukka.

Kristiansund Ballklubb vet ennå ikke hvor lenge de må klare seg uten spissen Daouda Bamba som ble skadet i kampen mot Molde. Men trener Christian Michelsen er ikke urolig for laget som har sin neste kamp allerede onsdag.

Det var lenge usikkert om Daouda Bamba hadde fått eit brot i foten etter smellen i serieopninga mot Molde, men måndag ettermiddag blei beinbrot utelukka.

Etter ei MR-undersøking kunne lege Per Olav Kvalvåg måndag ettermiddag slå fast at KBK-spissen berre har fått ein kraftig smell, skriv Tidens Krav.

Bamba, som scora 20 mål då Kristiansund rykka opp i fjor, er likevel framleis på krykker. Under KBK-treninga måndag var spissen lett nedfor.

– Det er så kjipt, for eg trena så hardt i vinter for å bli klar til sesongstart, for så å bli sparka i den første kampen. Det er ei kjip kjensle, seier Bamba til NRK.

Det var i sluttminutta i 0-1-tapet mot Molde laurdag at Bamba blei stempla på leggen av ein Molde-spelar.

– Vi har ein brei stall

Det er uklart kor lenge Bamba blir ute, men han må i alle fall stå over bortekampen mot Odd onsdag. Trenar Christian Michelsen tek det heile med stoisk ro.

– Fordelen med KBK er at vi har ein brei stall. Det er mange som kjem til å spele i år, fleire kjem til å få moglegheita allereie på onsdag, seier Michelsen.

– Men han er ein veldig viktig spelar for dykk?

– Ja, men igjen, vi har mange gode fotballspelarar i troppen her, så ingen er så viktige at kollektivet blir svekka.

Daouda Bamba skade

Dette var ikkje eit bilde KBK-fansen likte å sjå i serieopninga mot Molde.

Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL