Dei omkomne er 42 år gamle Atle Geir Bakkebø og 38 år gamle Richard Åke Stahl, begge frå Åheim i Vanylven. Dei to miste livet då fiskebåten deira forliste natt til 1.mai.
Ingen veit nøyaktig når forliset skjedde, fordi ingen naudsignal blei registrert. Det var eit fraktefartøy som varsla redningssentralen om havariet klokka 0235, seier redningsleiar Kjell Linberg ved Hovudretdningssentralen i Nord-Noreg.
Det var søraustleg stiv kuling i området. I leiteaksjonen deltok eit fraktefartøy, eit hurtigruteskip, eit Sea King redningshelikotpter, ei redningsskøyte og eit kystvaktskip.
Dei omkomne blei funne i Karkfjorden, to kilometer nord for havaristaden.
Dødsulykka har gjort eit sterkt inntrykk på lokalmiljøet i Vanylven, der dei to omkomne fiskarane kom frå.