NRK Meny
Normal

Jobbar for å fjerne ukjent utslepp i Kristiansund

Eit ukjent stoff forureinar Vågen i Kristiansund. Det blir no jobba for å få fjerna utsleppet.

Oljesøl Kristiansund

Det er så langt uklart kva utsleppet er og kvar det kjem frå.

Foto: Jan Erik Rolland

Utslepp Kristiansund

Eit ukjent stoff forureinar Vågen i Kristiansund.

Foto: Jan Erik Rolland

– Mange båtar har blitt tilgrisa og det kjem til å bli ein stor jobb å få dei reine igjen, seier Jon Erik Rolland.

Brannvesenet fekk melding om utsleppet søndag føremiddag og har jobba saman med hamnevakta i Kristiansund for å prøve og fjerna forureininga.

– Vi veit så langt ikkje kva stoff det er eller kvar det kjem frå, seier Sindre Kongshaug i 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Vanskeleg å fjerne

Utsleppet skal ifølgje hamnevakta vere svært vanskeleg å fjerne.

– Vi prøvde å suge opp forureininga med ein lense, men det viste seg å vere svært vanskeleg, seier Bjørnar Eresvik i hamnevakta i Kristiansund.

Brannvesenet i Kristiansund jobbar no for å finne andre løysingar på problemet.

– Vi prøver å fjerne stoffet, men det er svært tynt. Difor undersøker vi no andre reinsingsmetodar, fortel brannvakta i Kristiansund.

Også politiet har vore på staden i dag og seier til NRK at det ikkje er snakk om oljesøl.

– Vi veit ikkje kva det er, men vi har tatt ei prøve av stoffet som vil bli sendt inn for analyse, seier Magnus Sæther i politiet for Nordmøre og Romsdal.