Hopp til innhold

Ukjent flymekanikar har tent millionar på virtuell valuta

Virtuell valuta skaper nye mangemillionærar i Noreg. I Møre og Romsdal har ein 35-åring tent millionar på kryptovalutaen Ethereum.

GLOBAL-MARKETS/BITCOIN Representation of the Ethereum virtual currency standing on the PC motherboard is seen in this illustration picture

KRYPTOVALUTA: Marius Kjærstad har gjort det godt økonomisk etter å ha satsa på den virtuelle valutaen Ethereum.

Foto: DADO RUVIC (Reuters) og Twitter

35-åringen Marius Kjærstad stod nemleg oppført med ei skattbar inntekt på 31.329.180 kroner i 2017, noko som er tredje høgast av alle i Møre og Romsdal.

I tillegg hadde Kjærstad ein skattbar formue på over 49 millionar kroner. Det aller meste av pengane kjem frå braksuksess med kryptovalutaen Ethereum.

Kort forklart er kryptovaluta eit digitalt betalingsmiddel. Det er dermed ikkje styrt eller knytt til ein sentralbank eller statleg myndigheit.

Slutta som flyteknikar

Frå ei normal inntekt på 391.606 kroner i 2014, tente Kjærstad 1,2 millionar kroner i 2016. I 2017 hadde han den tredje høgaste inntekta av alle i Møre og Romsdal.

Hong Kong Bitcoin

Ein Ethereum-minibank i Hongkong.

Foto: Kin Cheung / AP

Kjærstad, som opphavleg er frå Bindal i Nordland, jobba i fleire år som flyteknikar i Kristiansund. Men i 2017 starta han som sjølvstendig næringsdrivande.

Det er uklart kor mykje Kjærstad har tent på kryptovaluta, men i ein kort kommentar til Namdalsavisa bekreftar han at mesteparten av inntekta hans kjem frå Ethereum.

Har gått under jorda

Omfattande arkivsøk viser at den eine setninga Kjærstad har gitt Namdalsavisa er den einaste kommentaren hans i media nokon gong. NRK har gjentatte gonger prøvd å få Kjærstad i tale, utan hell.

Torbjørn Bull Jenssen

Torbjørn Bull Jenssen fortel at det innan kryptovaluta er nokre som driv mest med programvare, medan andre driv frå eit meir finansielt perspektiv. Og det er nok flest av dei med eit finansielt perspektiv som driv med Bitcoin, seier Bull Jenssen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Media har omtala fleire som har tent store pengar på Bitcoin, men dette kan vere første gong ein nordmann tener så store pengar på Ethereum som Marius Kjærstad.

– Dette er mykje pengar, sjølv om det nok er dei som har tent meir på Bitcoin, seier Torbjørn Bull Jenssen, administrerande direktør i Arcane Crypto og ekspert på kryptovaluta.

Han seier vidare at det er vanskeleg å vite eksakt kor mange som har tent mykje på dei digitale betalingsmidla Bitcoin og Ethereum.

– Kan vere lurt å teie

Ifølgje Bull Jenssen er nokre interesserte i å fortelje kva dei tener, medan andre held det hemmeleg.

US-TECHCRUNCH-DISRUPT-SF-2017---DAY-1

Grunnleggjaren av Ethereum, Vitalik Buterin. Han fekk ideen i 2013 og Ethereum vart realisert i 2015.

Foto: Steve Jennings / AFP

– Spesielt dei som oppbevarer kryptovalutaen heime tek ein stor sikkerheitsrisiko. Det blir som å ha kontantbehaldninga heime. I USA ser vi tilfelle av vald og kidnappingar. Så det kan i fleire tilfelle vere lurt å ikkje snakke om det, seier Bull Jenssen.

Fem prosent i Noreg oppgir at dei har kryptovaluta, ifølgje Bull Jenssen. Om ein ser på sjølvmeldingane har nordmenn kryptovaluta til fem milliardar kroner.

– Men det er grunn til å tru at mørketala er store, seier eksperten på kryptovaluta.