NRK Meny
Normal

Uhell førte til stigebiluykka

Det var eit uhell, og ikkje ein teknisk feil, som førte til stigebilulykka i Kristiansund laurdag. Det er konklusjonen til brannsjef Kjell Inge Mathisen.

Brann i Kristiansund
Foto: Roar Halten

Det var tk.no som først snakka med brannmeisteren, etter at han hadde gått igjennom hendinga. Etter gjennomgangen meiner Mathisen å ha ei forklaring på kva som gjekk gale.

Då brannmannskapa kom fram, hang det allereie ein mann frå det brennande husveret. Difor måtte stigebilen med bergingskorga raskt på plass. I farta kom den då bort i veggen, der det var eit utbygg eller framspring.

Kunne gått verre

Kjell Inge Mathisen

Brannsjef Kjell Inge Mathisen i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

Når korga dulta i veggen slo eit påkøyrselsvern inn. Det fungerer slik at det måtte bli køyrt tilbake same veg for å få slått det av eller starta forfra igjen. Brannmannskapa våga ikkje å gjennomføre den operasjonen, av frykt for at det ville ta for lang tid. Mannen hang allereie ut av huset og varsla at han ikkje klarte å halde fast mykje lenger. Då ville mannen ramla fire etasjar og ned i bakken.

– Dessverre trefte ikkje mannen rett i korga, men blei hengande etter ein fot. Likevel kunne det gått verre, seier Mathisen.

Han trur opplysningane frå laurdag om at uhellet skuldast ein teknisk feil, blei gitt i ein stressa situasjon.

Ifølge politiet fekk mannen brotskadar i foten.