Hopp til innhold

Uforståande til nedleggingsforslag

Tilsette ved Bioforsk i Tingvoll stiller seg uforståande til forslaget om å legge ned forskingsmiljøet ved Tingvoll Gard.

Anne-Kristine Løes
Foto: Roar Halten / NRK

– Det har ikkje heilt gått opp for oss. Her har vi hendene fulle med å gjennomføre prosjekt og planar rundt økologisk landbruk, og så opplever vi dette. Det seier Anne-Kristin Løes, seniorforskar ved Bioforsk i Tingvoll.

Det er i saksforslaget til styret i Bioforsk forslaget om avvikling av Bioforsk på Tingvoll kjem fram.

– Vi får ei slags «knipe-oss-armen-kjensle», seier seniorforskaren til NRK Møre og Romsdal. Ho meiner det er paradoksalt at det blir planlagd å legge ned noko som fungerer så bra. Det heile er svært overraskande for dei tilsette, så lenge dei meiner dei har eit godt samarbeid med alle slags instansar.

Bioforsk Tingvoll
Foto: Roar Halten / NRK

– Korleis verkar dette inn på forskingsmiljøet i Tingvoll?

– Vi skjøner ikkje logikken. Vi burde heller fått klapp på skuldra. Vi har gjort alt vi bør og skal. Vi har skaffa prosjekt, og gjennomført dei. Vi skriv artiklar og formidlar forskinga. Vi deltar på konferansar i inn- og utland. Vi gjer alt som kan forventast av landbruksforskarar, seier Anne-Kristin Løes.

– Noreg er eit U-land

Ho meiner Noreg er eit U-land på dette området: – Sjå korleis andre land satsar på økologisk landbruk. Vi manglar politikarar som gløder for dette fagfeltet.

Mange av dei som arbeider der har vore der sidan slutten av 80-talet. Det er doktorar og professorar på eit høgt internasjonalt nivå, meiner seniorforskaren.

Dei tilsette vil svært gjerne halde fram. Dei syns det er merkeleg å skulle bli skilt ut i ei eiga eining. Anne-Kristin Løes trur ikkje dette betyr slutten for forskingsmiløet i Tingvoll, men ho meiner det er svært uheldig om Bioforsk ikkje kan støtte opp.

Tyngre å utvikle miljøet

Ho syns det virkar som om forskingsinistitusjonen ser på Tingvoll som eit hår i suppa.

– Dette er kjempesynd. Alt ligg ypparleg til rette her. No blir det mykje tyngre å drive med rekruttering og utvikling av miljøet, seier seniorforskaren.

Styret for Bioforsk skal behandle saka 10.mars. Deretter skal interimsstyret i det samanslåtte selskapet avgjere saka 23.mars. Til slutt skal landbruksminister Sylvi Listhaug godkjenne omlegginga.

Ansatte ved Bioforsk i Tingvoll kjemper mot nedleggingstrusselen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL