Hopp til innhold

Ekskludert Sp-medlem meinte det var rett å stille spørsmål om ufør ordførarkandidat

Geir Nordli og andre i Senterpartiet var skeptiske til om uføre Berit Frey er eigna som ordførarkandidat. Sjølv ser ho ikkje problemet.

Geir Nordli

EKSKLUDERT: Geir Nordli vart i helga ekskludert frå Senterpartiet. Tidlegare har han i likskap med Frey ytra ønska om å bli ordførarkandidat i Kristiansund. I ei pressemelding skriv Nordli at han og mange andre i lokallaget har stilt spørsmål om kor vidt Frey som ufør har arbeidskapasitet til å vere ordførar. Men Nordli presiserer at han aldri har mobba eller trakassert Frey.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Måndag kom nyheita om at Nordli er ekskludert frå Senterpartiet, halvanna år etter at lokalpolitikaren frå Kristiansund vart ekskludert frå Framstegspartiet.

Senterpartiet i Møre og Romsdal vil ikkje seie kvifor dei ekskluderer Geir Nordli, anna enn at det gjeld varsel om trakassering.

Men i ei pressemelding skriv han sjølv at ein konflikt rundt den uføre lokallagsleiaren Berit Frey kan ligge bak. Frey har i likskap med Nordli vist interesse for å vere partiet sin ordførarkandidat neste år.

Jeg og mange andre medlemmer har vært med på å stille et legitimt spørsmål underveis i en demokratisk prosess ved om Berit Frey hadde arbeidskapasitet til å fungere i et så krevende verv som ordfører. Så forsøker noen å vri dette til en uforståelig anklage om et politisk virkemiddel for å bli kvitt meg.

Geir Nordli

Berit Frey

KAN BLI ORDFØRARKANDIDAT: Berit Frey, som både er lokallagsleiar og medlem i fylkesstyret, har sagt seg villig til å stille som ordførarkandidat i Kristiansund. Det endelege nominasjonsmøtet blir halde i november. Frey har møtt motstand fordi ho er lam i høgrehanda.

Foto: Roar Halten / NRK

Vil ha same rettane

Frey seier at ho ikkje har høyrt noko frå Nordli personleg om denne saka, men synest det er leit om ho som ufør ikkje skal kunne engasjere seg i politikken.

– Skal ikkje 330.000 uføre personar ha dei same rettane som andre til å engasjere seg i politisk arbeid, spør Frey.

Ho har blitt spurt om ho kan tenke seg førsteplassen på lista til kommunevalet neste år. Det har ho sagt ja til.

Men ikkje alle er altså einige i kandidaturet.

Geir Nordli viser i pressmeldinga også til ein liknande debatt i Hvaler Høyre, der førstekandidaten – som også er ufør – skal ha forstått at det var eit legitimt spørsmål.

– Eg meiner det er urimeleg å tenke slik at uføre ikkje skal kunne ta på seg verv. Ein må heller tenke at folk skal vere med og påverke, seier Berit Frey til NRK.

Berit Frey

KAN TA DISKUSJONEN: Berit Frey seier at ho gjerne kan vere med på ein diskusjon om kor vidt ho skal vere partiets førsteval. – Eg er trygg på min eigen person. Eg kan gjere ein god jobb, seier Frey.

Foto: Roar Halten

Vart lam i handa

Som 24-åring i 1985 vart Berit Frey skadd i ei MC-ulykke. Ho vart lam i høgrehanda. Likevel hindra det ikkje Frey i å ta mykje utdanning og jobbe mange år i kommunen. Frey har også engasjert seg sterkt innan idrett og anna frivillig arbeid.

Nokre år gjekk det derimot tyngre og ho vart ufør. Men ho er no svært engasjert i Senterpartiet, og er mellom anna leiar i lokallaget i Kristiansund, medlem i fylkesstyret, kommunestyremedlem og varamedlem til formannskapet.

Får advokatstøtte

Arvid R. Ødegård

KRITISK TIL DISKUSJONEN: Kor vidt ein kan gjere ein god jobb som ufør kjem an på kva slags handikap ein har, seier advokat og ekspert på arbeidsrett, Arvid Reidar Ødegård. Han minner også om at ein kan bli kasta frå politiske verv. Ein har ikkje noko oppseiingsvern.

Foto: Foto Schrøder

Advokat Arvid Reidar Ødegård, ekspert på arbeidsrett, er sterkt kritisk til diskusjonen i Senterpartiet om kor vidt ein ufør person kan bli ordførar eller ei.

– Heile diskusjonen er tullete og er eit blindspor, seier Ødegård.

Og kjem med eit døme frå eige liv:

– Sjølv fekk eg for mange år sidan kutta av to fingrar på venstrehanda. Det har ingenting å seie for min jobb som advokat. Men hadde det same skjedd fetteren min, som er keivhendt og tannlege, så hadde det vore annleis.

Frey og Ødegård får støtte frå NAV sine retningslinjer, som seier at dei uføre kan jobbe så mykje dei vil.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL