Hopp til innhold

- Dette er ikkje vanleg

- Det er ikkje slik vi vil det skal vere i norske asylmottak, seier Anne Siri Rustad i UDI.

Video nsps_upload_2009_5_7_9_28_19_164.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Anne Siri Rustad
Foto: NRK

Ho er avdelingsdirektør i Utlendingsdirektoratet (UDI) og seier det ikkje er vanleg at det er slike tilhøve ved norske asylmottak.

- Vi har vore på tilsyn på dette mottaket, og har funne ei rekkje feil og manglar ved mottaket som vi har bede dei om å rette opp. Det har dei fått frist til 8. mai å svare oss, fortel ho.

Video nsps_upload_2009_5_6_19_54_34_147.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå innslag frå NRK Møre og Romsdal om tilhøva ved asylmottaket i Molde her.

- Håper dei vil rette opp

I eit innslag på NRK Møre og Romsdal onsdag kveld fortel naboane til mottaket at dei vil at UDI skal kome på banen og stenge mottaket. Det er ikkje eit alternativ UDI vurderer no, seier Rustad.

- Vi håper at driftsoperatøren raskt vil rette opp dei feil og manglar som vi har peika på, slik at det ikkje blir aktuelt å stoppe dette mottaket, seier ho.

Ho seier at jobben som driftsoperatøren har gjort ikkje er tilfredsstillande utført.

- Kan seie opp kontrakten

- Vi ser at det er store utfordringar ved dette mottaket, og det har vi også sagt frå til operatøren om, og stilt krav til forbetring. Det håper vi skal kome veldig raskt.

Rustad fortel at utbetringane må kome, elles kan det bli andre følgjer for operatøren Kysthus.

- Vi har kravspesifikasjon til dei som driv asylmottak, og viss dei krava ikkje blir oppfylt kan vi seie opp kontrakten, seier avdelingsdirektøren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL