NRK Meny

UDI betalar for tomme mottak

Akuttmottaka for asylsøkarar i Herøy får pengar utan at det har kome ein einaste flyktning enno, skriv Sunnmørsposten. Lokala på Runde og i Tjørvåg har stått tomme sidan oppstart 20.november. Mottaka har til no fått omlag 2,5 millionar for tomme senger , og avtalen har ein totalverdi på 7,5 millionar kroner.