Dårleg kommunikasjon
Meininga var at MRF sine hurtigbåtar skulle kunne frakte passasjerar direkte til stadion og fotballkamp.
Både MRF og prosjektleiinga for anløpsordninga skuldar på dårleg kommunikasjon, men no skal kaia justerast for å kunne ta i mot hurtigbåtane.
No er det berre mindre privateigde passasjerbåtar som kan legge til ved kaia.
Med fronten først
Den nye anløpsanordninga for hurtigbåtar er laga slik at båtane må leggje til med fronten først. I følgje Ronny Brunvoll som er prosjektleiar for anløpsordninga ved AaFK si heimebane, valde ein denne løysinga slik at båtane skulle kunne kome seg raskt til og fra med passasjerar.
Det passar dei store hurtigbåtane til MRF dårleg. Verken "Romsdalsfjord", Lauparen, Hjørungavåg eller Fjørtoft kan leggje til med fronten først, seier maritim-teknisk sjef i MRF John-Aage Rasmussen.
I følgje Brunvoll er det snakk om ekstra pilarar slik at MRF-båtane kan leggje til mer stødig og sidelengs.
Tar sjølkritikk
Om ein månad skal anløpsordninga vere klar for MRF sine hurtigbåtar. I følge Rasmussen vil justeringa koste mellom 100 og 200 000 kroner.
Kven som har skulda er usikkert, men MRF tar sjølkritikk, seier John Aage Rasmussen.