Oppdaga to ubedne gjestar framfor hyttepeisen

Hytteeigar Jørn Inge Håvik trudde ikkje sine eigne auge då han køyrde forbi hytta si torsdag morgon.

Hytte i Austefjorden

Hytta, som fekk ubodne gjestar på besøk, ligg ved eit vatn i Austefjorden i Volda.

Foto: Eline Korsnes Sundal

Det kom røyk frå pipa, og det var tydeleg at nokon koste seg framføre peisen i morgontimane.

Tok båten

Den over hundre år gamle tømmerkoia ligg rett ved eit vatn i Austefjorden i Volda. Ein må ha båt for å kome seg over til hytta, og Jørn Inge har vanlegvis ein robåt liggande ved naustet sitt. Men denne morgonen låg ikkje båten ved naustet. Den låg fortøydd på andre sida av vatnet – rett nedanfor hytta.

– Eg måtte tenkje meg om for å finne ut kven som har hyttenøklar. Det er det berre eg og kona som har. Og kona var heime.

– Eg var forarga og bad dei først om å dra seg ut av hytta mi. Men eg roa meg fort, og syns det var like greitt at dei fekk drikke opp morgonkaffien sin.

Jørn Inge Håvik

Henta kajakk

Jørn Inge snudde bilen tvert, og køyrde heim for å hente kajakken. Då han kom tilbake heiv han kajakken på vatnet og padla over i ei kjempefart. Han drog kajakken i land og tok lange steg opp mot hytta. Utan å tenkje seg om reiv han opp hyttedøra. Der møtte han to svært sjokkerte menneske.

– Eg var forarga og bad dei først om å dra seg ut av hytta mi. Men eg roa meg fort, og syntest det var like greitt at dei fekk drikke opp morgonkaffien sin.

Endevende hytta

Ifølgje eigaren var hytta endevendt. Jørn Inge og kona brukar hytta mykje, og likar å ta vare på hytta som vart bygd tidleg på 1900-talet. Men dei to ubedne gjestane hadde gjort skade på sofaen, knust fleire parafinlampar og brote ut ein bit av peisen, i tillegg til å bryte opp dørlåsen.

Etter at hytteeigaren hadde helst på gjestane gjekk han om bord i båten igjen. Og kajakken var sjølvsagt på slep. Dei ubedne gjestane kom seg ingen veg. Då ringde Jørn Inge politiet.

– Det er fortvilande at folk berre kan bryte seg inn og øydelegge andre sin eigedom. Dei hadde visst vore frosne, men det er ikkje mitt ansvar.

Arresterte «hyttegjestane»

Klokka 06:40 torsdag morgon melde politiet på Sunnmøre om eit innbrot i ei hytte i Austefjorden.

Eier av hytte oppdaget at det var ubedne gjester i hytta hans. Politiet til stedet. Mann i 40 åra og kvinne i 30 åra pågrepet inne i hytta. Satt i varetekt og blir avhørt i løpet av dagen.

Operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Trygve Ødegård, fortel at dei to ubedne gjestane var frå området og er såkalla kjenningar av politiet.

– Dei hadde brote seg inn i hytta kvelden før, og varma seg med peisen om natta. Vi arresterte dei på staden og tok dei med til stasjonen, seier Ødegård.