Hopp til innhold

Sur uavgjort for Hødd etter straffemiss

Hødd følte at dei tapte to poeng både etter 1–1 mot Strømmen og Tromsdalen på Høddvoll. Mot Hønefoss blei det 0-0, men igjen kunne blåtrøyene vunne.

Sindre Eid

Hødd-trenar Sindre Eid måtte tole nok ein uavgjort på Høddvoll då Hønefoss kom på besøk.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Den store Hønefoss-helten blei keeper Alexander Pedersen. Etter å allereie ha stått solid for bortelaget, gjennom eit gjesp av ein første omgang, redda han eitt poeng etter 79 minutt.

Espen Standal hadde sikra Hødd straffe, men vanlegvis så sikre Fredrik Aursnes klarte ikkje å setje ballen i mål. Skotet var bra, men Pedersen låg langt ut mot stolpen og avverja.

Etter strafferedninga jaga Hødd scoring, og etter fleire dødballar var heimelaget nære, men Pedersen var på plass. Like før full tid var Hønefoss nære ved å setje ballen i eige nett.

Etter fire og eit halvt overtidsminutt bles dommaren av kampen, og det enda 0–0 på Høddvoll 16. mai.

Håpte på ny heimesiger

Heimebana til Hødd er kjend som ei svært vanskeleg bortebane, men så langt i årets sesong har berre Alta drege heim utan poeng.

– På bortebane har vi vore sterke, medan det har lugga meir for oss på heimebane. Vi burde vunne både mot Tromsdalen og Strømmen, sa Eid til Hødd sine heimesider før kampen .

No blei det altså ein tredje sur uavgjort på fire heimekampar for Hødd. Neste kamp blir borte mot Ranheim førstkomande tysdag. Ranheim slo Kristiansund 3–0 i Kristiansund i dag 16. mai.

Laster innhold, vennligst vent..