Tyskarar kjøper Optimar
Det tyske selskapet Haniel blir dei nye eigarane av bedrifta Optimar, skriv Sunnmørsposten. Haniel er eit familieeigd selskap med 13 800 tilsette, og ei omsetning i fjor på 3,6 milliardar euro. Optimar med hovudavdeling på Valderøya, har til saman rundt 370 tilsett ved tre avdelingar på Sunnmøre, i Seattle, Spania og Romania. Ifølgje avisa skal dei tilsette vere svært godt nøgde med dei nye eigarane.