Hopp til innhold

Tyskarar elskar Vestlandet

Tyske turistar vil til Vestlandet som aldri før. Ønsket om å leige hus eller hytte ved sjøen har eksplodert i år.

Tyskarane vil fiske. Og dei vil fiske mykje, og lenge. Roy Bergsås leiger ut hus til tyske turistar på Godøya i Giske . Han ventar innrykk av tyske gjester om kort tid. Og dei har berre ei interesse, fortel Bergsås.

- Det er fisking. Hadde dei hatt høve til å fiske 24 timar i døgnet så hadde dei nok gjort det, seier Bergsås.

Stor etterspurnad

Mange av huseigarane leiger ut husa sine gjennom selskapet Novasol. I Noreg tilbyr Novasol 1700 feriebustader, og har no nær 1200 bestillingar i vår-vekene. Størst etterspurnad er det etter hus og hytter i Hordaland, Rogaland, Vest-Agder og Møre og Romsdal.

- Frå siste veka i april og til utgangen av mai har vi omtrent dobbelt så mange bestillingar på feriebustader i Noreg som same periode i 2009, seier Grete Sexe i Novasol.

1.200 ansatte ved turistfiskebedrifter i Norge

Strenge fiskereglar i Tyskland

Det er kanskje ikkje lett å finne årsaka til den intense interessen for å sitje timesvis i båt med stanga i handa, berre for å vente på at fisken skal bite. Men Bergsås meiner at strenge fiskereglar i Tyskland kan vere ei av årsakene.

- Eg veit vel ikkje meir enn det eg har høyrt og sett på TV. Men eg har høyrt at det er veldig strengt med fisking i Tyskland. Dei må gå på kurs berre for å få lov til å fiske i mange elvar. Det er voldsomt strengt, seier Bergsås.

– Ikke mobb tyske turister!

Til kamp mot turistfiske-kvoten

Krever mindre turistfiske

Nesten berre fiske

Roy Bergsås seier at turistane som besøkjer han stort sett berre er opptekne av fiske. Han trur ikkje dei reiser så mykje rundt i distriktet for å oppleve andre ting.

- Nei, det er 80 prosent fiske. Då kjem dei gjerne i kameratgjengar på tre, fire, fem stykker. Då reiser dei ut på sjøen i 7 - 8 timar. Så er det heim og gjere opp fisken og så set dei seg ned for å slappe av etterpå. Eg trur ikkje det er så mykje anna det går i, seier Bergsås.

Mener turistfiske er fremtiden

Vil kreve avgift fra fisketurister

Enorm auke

Etterspørselen etter hus og hytter med båtutleige er rekordstor i vår. Frå slutten av april til slutten av mai har utleigefirmaet Novasol dobbelt så mange bestillingar som i same perioden i fjor. Tidleg i sesongen er det mannlege fisketuristar som dominerer, medan familiane overtar seinare på sommaren.