NRK Meny
Normal

Tyskarane droppa bobilen, køyrde heller Boble

Tyske Boble-entusiastar har lagt ferien til Norge for å vise fram 14 fargerike Bobler. I dag besøkte dei Ålesund.

BOBLER

Bobleeigar Alexander Kukk saman med tre andre bileigarar og den eldste Bobla på turen, ein Wolkswagen frå 1952

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Små bobler i alle slags fargar står parkert på rekke og rad i Kongens gate i Ålesund. Fleire av folkevognene er ekte "vintage", den eldste frå 1952. Når ein tutar med hornet på bilen eller ruser motoren, høyrer ein det lang veg.

– Sjølv om dei er gamle, så fungerer dei veldig godt. I tillegg likar eg godt utsjånaden og lydane dei lagar, seier tyskaren og bobleeigaren, Alexander Kukk.

Europeisk bestseljar

Saman med 23 andre bobleeigarar har Kukk teke turen med Kiel-ferja til Oslo. Frå hovudstaden har tyskarane køyrt dei 14 boblene til Vestlandet. Planen er å sjå kva Noreg har å bu på, samt å vise fram bilane sine.

bobletreff Ålesund

Fleire var nysgjerrige på Boblene som stod på til pynt i Ålesund.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Vi oppfører oss som turistar flest, einaste skildnaden er at vi køyrer rundt i bobler og stansar gjerne og tek ein prat om folk er interesserte, seier Kukk.

Han fortel at han undervegs har møtt fleire nordmenn som fortel at dei eig ei boble sjølv eller kjenner nokon som gjer det.

– Det verkar som ein svært populær bil her i Noreg, seier han og fortel at bobler lenge har vore ein europeisk bestseljar.

Bobleeigarar frå 30 til 80 år

Av dei 14 boblene i gågata er halvparten av desse frå den siste serien på 3.000 bobler som vart laga i Mexico i 2003. Rundt 450 av desse boblene vart importert til Europa, dei aller fleste til Tyskland. Ironisk nok var det vanskeleg å få desse Boblene godkjende og registrerte i landet, og det var i denne sambanden at klubben vart starta.

BOBLE

Den eldste bobla hadde todelt bakvindauget. Dette fordi ein berre kunne lage heilt flate vindauget før i tida.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Klubben vart oppretta i 2004 og vi har medlemmar i alderen 30 til 80 år, seier Kukk.

Kvifor er de så interesserte i denne bilen?

– Det er ein flott og legendarisk bil. Sjølv om den er enkel og lite luksuriøs, så er den av god kvalitet, forklarar Kukk.

Imponert over norsk natur

Fleire forbipasserande kjem til for å ta bilete av Boblene og tyskarane, men Kukk sjølv er meir opptekne av Ålesund og naturen rundt.

– Det er så reint og flott her. Fjorden, fjella og naturen er imponerande. Eg hadde aldri trudd at Noreg skulle vere så vakkert som ein ser på bilete og film, men det er det verkeleg!

Etter Ålesundbesøket skal tyskarane vidare til Atlanterhavsvegen og Kristiansund før dei tek turen til Geiranger.

BOBLETREFF

I tillegg til dei 7 Boblene frå 2003, er det med på tur 4 andre Mexico-Bobler, 2 Boble-Cabrioletar frå 70-talet, og ei Boble frå 1952.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK