NRK Meny
Normal

Tyskerane ville etter røykt kvalkjøt

Produsenten måtte tredoble leveringane til den tyske matmessa Grüne Woche. Tusenvis ville ha smaksprøvar.

Familien Grüneberg

Glen, Julieane og Bernd Grüneberg frå Brandenburg synest røykt kvalkjøt er toppen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Jan Roger Blø

Kjøkkensjef Jan Roger Blø imponerte mange besøkjande med eksotisk kvalkjøt.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det gjekk unna, – betre enn varmt kveitebrød. Kokkane som serverte røykt kvalkjøt til dei besøkjande på verdas største mat og reiselivsmesse Grüne Woche i Berlin førre veke, er overgitt over suksessen:

– Eg var litt skeptisk før messa, men dette gjekk over all forventning, seier Jan Rover Blø.

Eksotisk

Kjøkkensjefen som til vanleg arbeider ved Molde Fjordstuer og Classic Norway-kjeda har hatt ansvaret for å lage til smaksprøver av røykt kvalkjøt som mange tusen besøkjande har fått smake.

– Dei synest det er eksotisk, seier han.

Og kombinasjonen av smørbar kvit geitost frå Ørsta, blåbærsyltetøy frå Valldal, chilimarmelade frå Ryfylke, ein dusk kjørvel og røykt kvalkjøt frå Harøya, gjorde susen overfor tyske ganar.

Tredobla leveringa

Begeistringa for dei norske delikatessene var så stor at kokkane måtte få tilsendt ekstraforsyningar med kvalkjøt for å tilfredsstille den store interessa. Myklebust trading måtte levere tre gonger så mykje røykt kvalkjøt som opphavleg var bestilt.

Kvalfangaren sjølv, Ole Mindor Myklebust er ikkje like overraska:

–Eg har vore i Tyskland med kvalkjøt tidlegare, seier han. Erfaringane har også då vore positive på alle måtar.

–Og når kokken er så flink til å presentere maten så flott som han gjer, er det ikkje til å undrast at kvalkjøtet blir reve vekk, seier Mykleblust.