NRK Meny
Normal

Tysk prestisjepris til Maria Parr

Maria Parr får prestisjetung tysk pris for boka Tonje Glimmerdal. Det er avisa Die Zeit som deler ut prisen LUCHS 2010, og Tonje Glimmerdal er kåra til beste barnebok.

Video Maria Parr

Maria Parr: Tonje Glimmerdal

Boka om Tonje Glimmerdal er no utgitt i sju land.

Prisen blir utdelt på Litteraturhuset i Hamburg om ei veke. Tonje Glimmerdal har tidlegare fått Brageprisen og Kritikerprisen, og boka er no selt til sju land.

Juryen seier i si vurdering at boka utmerkar seg med ei mangfaldig historie og står som kontrast til dei mange enkle karakterane som elles ofte er å finne i barnelitteraturen i dag.

Maria Parr

Maria Parrs bok 'Tonje Glimmerdal» da hun fikk Brageprisen i kategorien Barne- og ungdomsbøker

Foto: Stian Lysberg Solum

Tonje Glimmerdal har tidlegare fått både Brageprisen og Kritikerprisen. Boka var den mest selde av nye barnebøker i 2009.

Parr opplever for tida internasjonal suksess og boka er utgitt i sju land, derimellom til Kina og Russland.

Die Zeit-prisen er på 8.000 euro.