Hopp til innhold

Klart for Stikk UT!: – Det skal godt gjerast å nå alle turmåla

Stikk UT!-ansvarleg Marte Melbø er tvilande til om nokon klarer å fullføre alle turmåla når sesongen startar 1. mai. Det er vel ei grei utfordring til alle turelskarane i fylket?

Marte Melbø

Marte Melbø i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal er glad for at Smøla no har blitt med i Stikk UT!.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Med heile 194 turmål i Nordmøre og Romsdal og 136 turmål på Sunnmøre er lista lagt.

– I fjor hadde vi 119 turar og den første som fullførte alle turane var allereie tidleg i juli. Det blei vel rundt 50 personar som tok alle 119, seier dagleg leiar May Britt Haukås i Sunnmøre Friluftsråd til NRK.

May Britt Haukås

May Britt Haukås, dagleg leiar i Sunnmøre Friluftsråd, gler seg til sesongstart 1. mai.

Foto: Terje Reite / NRK

Ho trur nok at nokre svært engasjerte sjeler fullfører alle 136 i 2017, men det blir ikkje mange. Nytt av året er at dei då må innom Stranda kommune òg.

– Det er kjempestas at Stranda har blitt med. Dei er ikkje smålåtne, dei startar med 13 turar. Til saman så har vi 45 heilt nye turar i år, fortel Haukås.

Ønskje frå publikum

Stikk UT! starta i Molde i 2005, spreidde seg i Romsdalen og på Nordmøre, før det kom til Sunnmøre i 2015. For Stikk UT!-veteran Nordmøre og Romsdal er det òg ei nyvinning denne sesongen.

– Vi har fått éin ny medlemskommune, det er Smøla – heilt oppe i ytre Nordmøre, fortel Marte Melbø, rådgjevar i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

Marte Melbø i Nordmøre og Romsdal friluftsråd

Marte Melbø fortel også om god pågang for Stikk UT! Bedrift.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Ho er i tillegg ansvarleg for Stikk UT! og seier at talet på turmål har gått veldig opp.

– Grunnen til at vi har auka til 194 turmål er at førespurnader frå brukarar om at dei ønskjer fleire turar i eigen kommune. Folk ønskjer fleire nærturar og det har vi valt å leggje mest mogleg til rette for, seier Melbø til NRK.

Ho trur det skal bli vanskeleg å fullføre alle 194.

– For oss er det ikkje eit poeng at folk skal ta alle, det må eg seie. Det skal godt gjerast å få til alle turane no, trur Melbø, som jo innser at nokre sjeler truleg kan klare bragda.

– Går ikkje utan frivillige

Melbø fortel om Misundtrappa og Digergubben, med ny sherpasti.

Nytt av året er i tillegg at Friluftsråda har avtalar med båtforeiningar med informasjon om gjestehamner for båt, samt samarbeid med turistforeininga (DNT) om informasjon om hytter.

Stikk UT! samarbeider frå før tett med lag og organisasjonar i alle kommunane rundt om i fylket.

– Akkurat no arbeider vi hardt fram til start 1. mai med merking, skilting, utlegging av turbøker, kodar og spisse blyantar, seier Melbø, og legg til:

– Eg synest det er viktig å få med engasjementet. Dette hadde ikkje gått utan frivilligheit, lag som er ute og passar på bøker og tek ansvar for kvar sin tur. Så no er det snart dei som skal i elden og passe postane heile sesongen.

Ho får tydeleg støtte frå Haukås på Sunnmøre om viktigheita av frivillige.

– Dei gjer det kjekt for alle. Noko av det som er så kjekt med Stikk UT! er at du får oppdaga turmål du ikkje visst om. Ein blir kjent med regionen og får fantastisk naturopplevingar! seier Haukås.