Hopp til innhold

Tvinga til å slutte på skulen for å unngå økonomisk baksmell

Få månader før eksamen måtte Einar Magne Øren (36) berre gje opp skuleplassen han har arbeidd hardt for. NAV-reglar gjer at offshorearbeidaren miste dagpengane den dagen han blei permittert.

Einar Magne Øren

Einar Magne Øren (36) meiner reglane er for firkanta, når han ikkje får behalde dagpengane samstundes som han fullfører studia sine.

Foto: Roar Halten

Offshorearbeidaren har brukt alle friperiodar og feriar dei siste åra for å vidareutdanne seg. Då han tidlegare i haust blei permittert, fekk han snart eit nytt slag i ansiktet. For då slutta NAV å betale ut dagpengar.

Eg har arbeidd sidan eg var 16 år gamal og betalt skatt i alle år. Eg syns det er dårleg å ikkje få noko igjen for det når eg kjem ut for ein slik situasjon, seier Øren.

Les også:

Kjempa i halvannan månad

Heime i Kristiansund har han einebustad, sambuar og tre born. I det han blei permittert frå jobben i firmaet Subsea Services i november, miste han også dagpengane frå NAV, og klassifisert som student, sidan han studerer ved sida av arbeidet.

– Eg syns det er utruleg dårleg. Spesielt når ein har hatt ei hundreprosents stilling og gått på skulen heile tida, så kan ikkje NAV hjelpe meg i fire-fem månader, det er ganske frustrerande, sukkar Øren.

– Men reglane må vel vere like for alle?

– Det er regelverket som er for dårleg, slår Øren fast.

NAV vedgår problemstilling

Permitterte offshorearbeidarar over heile landet opplever no det same problemet. Sist veke vedgjekk assisterande fylkesdirektør i NAV Hordaland, Tommy Johansen at dette er ei utfordring.

Det er klart at dette er ei problemstilling, sa han.

Men regelverket er klart, og NAV meiner det ikkje kan gjerast unntak.

Ifølgje folketrygdlova § 4-6 er hovudregel at «den som er under utdanning eller opplæring ikke har rett til dagpenger.»

Det blir vist til at stønadsmottakaren ikkje er nokon reell arbeidssøkjar eller disponibel for arbeidsmarknaden, og at utbetaling av dagpengar er urettferdig overfor andre studentar som må finansiere utdanning gjennom til dømes lån.

Frå 30 000 i månaden til 0

Ifølgje Øren har han hatt ei løn på rundt 30 000 kroner, og halvparten har gått til huslånet. Med dagpengar fekk han utbetalt rundt 20 000 kroner. Som student blei det null.

– Det å gå ned frå 30 000 til 20 000 kroner i månaden gjekk. Men det er klart, at å sitje igjen med null, det gjekk berre ikkje, slår han fast. Dermed måtte han berre seie frå seg skuleplassen, for å få tilbake dagpengane frå NAV.

Fleire studentar ventar på ei avgjerd

Per Kvarsvik

Fagleiar Per Kvarsvik ved Fagskolen i Kristiansund seier to studentar allereie har slutta og at sju vurderer det.

Foto: Roar Halten

Ifølgje Fagskolen i Kristiansund har to studentar allereie slutta og sju ventar på ei avgjerd frå NAV, før dei bestemmer seg.

– Totalt vil eg tru at dette gjeld ein tredel av studentane våre, seier fagleiar Per Kvarsvik. Fredag møtte han og studentane politikarar i Kristiansund for å leggje fram saka.

Lovar å ta opp saka med arbeidsministeren

Helge Orten

Helge Orten, 2. kandidat på Stortinget for Høgre, lovar å ta opp saka med arbeidsministeren rett over helga.

Foto: Roar Halten

Helge Orten, som er 2. stortingsrepresentant for Høgre på Stortinget, seier han vil ta saka opp med arbeidsdepartementet snarast.

– Det må vere mogleg å vere meir fleksibel, slik at studentane kan halde fram utdanninga si.

– Men trur du regelverket blir endra?

– Eg skal gjere så godt eg kan oppimot arbeidsdepartementet for at det skal skje. Eg kjem til å ta det opp med arbeidsministeren rett over helga, seier Orten.

Misfornøgd med situasjonen

Øren har studert petroleumsteknologi i to og eit halvt år, og hadde kort tid igjen før han kunne ta eksamen. No veit han ikkje om han nokon gong får gjort det. Han meiner reglane er for rigide.

– Eg prøvde i halvannan månad å gå på skulen utan pengar frå NAV. Ved jul måtte eg seie frå meg skuleplassen, fordi det ikkje går økonomisk med hus, heim og familie, seier han.

Studentar i Kristiansund blir tvinga til å slutte på skulen, rett før dei skal til å fullføre studia sine.
Fortvilte studentar møtte i dag politikarane med håp om at dei kan berge dei.