Hopp til innhold

Alle elskar tvillingsøstrene Agnes og Hilda (95)

To glade søstrer som strikkar, ler og ertar kvarandre er sett, likt og kommentert av hundretusener i sosiale medium siste veka.

Hilda Kjerstad og Agnes Longva

BLIDE: Latteren sit laust når strikke-tvillingsøstrene Hilda Kjerstad og Agnes Longva (95) møtest.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Å, jøye meg! Det er så gale, det! Vi har i grunnen aldri vore så populære som no, seier Hilda Kjerstad og Agnes Longva når dei får vite at dei er ein hit på Facebook og Instagram.

Hilda Kjerstad og Agnes Longva

Hilda Kjerstad (til venstre) og Agnes Longva strikkar og har det kjekt i lag, og dei ertar kvarandre gjerne.

Foto: Skjermdump / NRK

I tillegg var dei med i TV-programmet Norge Rundt på NRK1.

– Heldigvis gjorde vi ingen tabbar, slår Agnes fast. – Ja, det gjekk godt an å sjå seg sjølv på TV, seier Hilda.

Folk lar seg røre

Videoen av dei to har tatt heilt av på NRK sine Facebook- og Instagram-kontoar. Fleire tusen har kommentert og likt, og videoen er spelt av over 800.000 gongar på ei veke. Folk i alle aldrar lar seg røre og engasjere av dei to damene.

– Det som er ekstra kjekt, er at vi har høyrt at folk er blitt inspirerte til å begynne å strikke, seier Agnes.

Kommentarer til videoen om Agnes og Hilda

1700 har kommentert videoen på Facebook.

Foto: Skjermdump / NRK

Dei to søstrene frå Lepsøya på Sunnmøre strikkar så ofte dei kan, og sjølv om Agnes hadde tenkt å slutte med det då ho vart 95, leverer dei framleis til butikken Husfliden.

– «Kva i all verda skal du finne på då», sa Hilda til meg då eg tenkte å slutte. «Eg hadde gått på veggane», svarte eg.

Agnes er no i gang med å strikke vottar medan ho ventar på ny garnpakke frå Husfliden så ho får strikke fleire genserar.

Videoen er også populær på instagram.

Eldre folk er «in»

Psykolog Peder Kjøs er ikkje overraska over at dei to søstrene er så populære.

– Eg trur folk elskar det fordi dei er så energiske og positive, og fordi det skin igjennom at dei er så glade i kvarandre.

Han trur det er ei stor misforståing at unge folk berre vil sjå unge folk i media.

Peder Kjøs

Peder Kjøs

Foto: Andris Søndrol Visdal

– Det har lenge vore mykje fokus på ungdommen, rett og slett på grensa til «ageism» (aldersdiskriminering), men eg trur det er i ferd med å snu. Gamle folk viser oss kva livet kan by på utover 20-åra. Då eg var i den alderen, fekk eg jobb på ein gamleheim, og det var ei openberring, seier han.

Professor emeritus og psykiater, Ingvard Wilhelmsen, trur at det gode fellesskapet mellom dei to søstrene appellerer til folk.

Ingvard Wilhelmsen

Ingvard Wilhelmsen

Foto: Jan M. Lillebø

– Det at dei er 95 og har det gøy saman. Alle rankingar viser at sosialt fellesskap er viktig for å få eit godt og langt liv. Det er ein enda viktigare faktor enn røyking og overvekt, seier han.

Hilda Kjerstad sjølv, har denne forklaringa på kvifor det er så mange som vil sjå videoen.

– Vi er nokså kvikke, og vi sit ikkje og sturar, seier ho.