- Dette er det høgaste talet på tvillingfødslar i Molde sidan 1988, seier avdelingssjef i Helse Nordmøre og Romsdal, Grete Teigland.
Teigland seier det er litt spesielt å ta i mot 17 tvillingpar i løpet av eitt år.
- I 1195 hadde vi 10 tvillingpar medan året etter hadde vi 14 tvillingpar, seier Teigland.
De fire sjukehusa i Møre og Romsdal kunne loggføre tilsaman 2871 fødslar i fjor.
Sjukehuset i Ålesund og sjukehusa i Molde og Kristiansund hadde ein liten auke i talet på fødslar medan sjukehuset i Volda hadde ein liten tilbakegang.
For eit par år tilbake gjekk fødselstala noko ned så dette går i bølgjer. Men på lengre sikt har tendensen vore at det blir fødde færre born, seier Teigland.