Hopp til innhold

Tvillingforeldre er permitterte og sit med to hus

Over 200.000 i landet har blitt permitterte. Vegard Rogne (29) og Emilie Gjelsten (25) har akkurat kjøpt einebustad og ikkje selt rekkehuset sitt. Dei fryktar for økonomien.

Vegard Rogne og Emilie Gjelsten saman med tvillingjentene

Vegard Rogne og Emilie Gjelsten er begge permitterte.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

To tvillingjenter på Vatne i Ålesund kommune er klare for middagslur. Medan toåringane søv, skal foreldra bruke tida på å gjere huset klart for visning. Visninga av rekkehuset er avgjerande for korleis framtida til den vesle familien blir.

Emilie Gjelsten er tannlegeassistent og Vegard Rogne jobbar som arbeidsformann ved skipsverftet Vard. Begge er permitterte på grunn av koronasituasjonen.

– Visst permitteringane dreg ut i tid vil det ha store konsekvensar for økonomien vår, seier Gjelsten.

Dei har nyleg kjøpt einebustad, men ikkje selt rekkehuset dei bur i. Dermed risikerer dei å bli sittande med to bustader.

Ekornes , på Ikornnes

Sykkylven kommune er hardt råka, sidan møbelbedrifta Ekornes permitterer sine tilsette frå 1. april.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Dramatisk for møbelbygda

238 539 i heile landet har dei siste to vekene søkt Nav om dagpengar fordi dei er permitterte. Berre i løpet av gårsdagen kom det inn 13 800 søknader. Det betyr at Noreg har den største arbeidsløysa sidan 2. verdskrig.

For folk i møbelbygda Sykkylven er også situasjonen alvorleg. 16 prosent av arbeidsstyrken er permitterte. Svært mange av dei jobbar ved hjørnesteinsbedrifta Ekornes, med om lag 900 tilsette.

Ordførar Odd Jostein Drotningshaug (Sp) er bekymra.

– Dette er ein ekstremt krevjande situasjon å handtere både for bedrifter og kommune. Vi prøver å sjå korleis ein kan kome minst mogleg skadelidande ut av situasjonen, seier Drotningshaug.

Kommunen ser no på om verkemidla staten har, kan brukast for å bygge ny konkurransekraft i møbelindustrien.

Fleire par på same bedrift

Ole Andre Eikrem og Anja Skram Eikrem

Ole Andre Eikrem og Anja Skram Eikrem jobbar begge på Ekornes.

Foto: privat

Det er mange par som jobbar på Ekornes, og som dermed blir dobbelt ramma når bedrifta permitterer. Ole Andre Eikrem og kona Anja Skram Eikrem er begge tilsette i hjørnesteinsbedrifta. Eikrem seier at det er ei spesiell stemning no, der folk både er redde for å bli sjuke og er usikre på korleis arbeidssituasjonen blir.

– Økonomisk blir det usikkert. Det er klart at når begge to skal gå ned til 62 prosent løn, blir det mykje på ein månad, seier Eikrem.

Han legg til at for dei to som ikkje er i etableringsfasen, går det bra for ein periode. Dei nye reglane for permittering betyr at arbeidstakarar får full lønn dei første 20 dagane. Etter det går inntekta ned.

Bryllaupet blir utsett

For tvillingforeldra på Vatne er mykje av det dei hadde planlagt framover, lagt på is. Dei skulle gifte seg i sommar, men det må dei berre vente med, for å sjå korleis situasjonen utviklar seg. Planen var også å pusse opp einebustaden dei har kjøpt. Det blir heller ikkje noko av med det første.

– Eg må innrømme at eg tenker mykje på korleis denne situasjonen påverkar bedrifter. Om dei må seie opp folk, seier Vegard Rogne.

Emilie Gjelsten og Vidar Rogne

Paret skulle gifte seg i sommar, men må legge planen på is.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK