Hopp til innhold

Tvillingane Rita og Heidi har like bilnummer

Søstrene Rita og Heidi fekk seg ei stor overrasking då dei oppdaga at tala på bilskilta deira er heilt identiske. – Berre flaks, seier Statens vegvesen.

Rita Hoem Eikebø og Heidi Hoem Aarnes

Tvillingsøstrene Rita Hoem Eikebø og Heidi Hoem Aarnes har like tal på bilskilta. Bilane er kjøpt med fleire års mellomrom

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dei to raudhåra søstrene har same latter, begge jobbar i daglegvarebutikk, dei syng i same kor og som regel kjøper dei like klede utan å vite om kvarandre. Plutseleg oppdaga dei noko anna som er likt også. Tala på bilskilta deira.

Den magiske kombinasjonen er 88575. Bokstavane framom er sjølvsagt ulike.

– Eg tenkte, er det mogleg? Det er jo same tal, ler Heidi Hoem Aarnes.

Bilskiltet til Rita Hoem Eikebø o

Bilskiltet til Rita Hoem Eikebø.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK
Bilskiltet til Heidi Hoem Aarnes

Bilskiltet til Heidi Hoem Aarnes.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Kjøpte bil med mange års mellomrom

Det var eit bilete på snap som avdekte det absurde. Rita Hoem Eikebø var på jobb ein kveld då det starta å snø. Ho tok bilete av bilen sin og sende til søstera.

Ho fekk bilete tilbake av Heidi sin bil, med same tal på skilta.

Denne bilen var berre 14 dagar gamal, og då Heidi og mannen henta den tenkte ho at bilnummeret var lett å huske. Ikkje før i etterkant innser ho at det kan vere fordi søstera hadde hatt dette bilnummeret i mange år.

Det var lokalavisa Bygdebladet som først fortalde om tvillingane sine bilskilt. I etterkant har dei fått stor merksemd. Enkelte nektar å tru at det er tilfeldig.

Rita Hoem Eikebø og Heidi Hoem Aarnes

Tvillingane Rita og Heidi syng i same kor og begge jobbar på butikk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Liten sjanse for at det skulle skje

Geir Martin Pilskog i Statistisk sentralbyrå seier at tilfeldigheitene kan skje, og at det er ganske utruleg når det finst nær 3 millionar personbilar i landet. 72 bilar i Noreg har akkurat denne talkombinasjonen.

– Eg veit ikkje om ein saksbehandlar i Vegvesenet har ville spele søstrene eit puss, men ein får tildelt nummer og sannsynet for at søstrene skulle få like tal er svært liten, ler Pilskog.

Statens vegvesen seier at dette absolutt er tilfeldig.

– Det er rett og slett flaks. Sjansen for at to som har skaffa seg skilt så lang tid mellom kvarandre skal få identiske nummer, er liten, seier rådgivar Aleksander Bergli Eriksen.

Kan ikkje selje bilane

Søstrene som bur ved kvar sine fjordar på Sunnmøre og i Romsdal kan tenke seg å behalde bilskilta til evig tid, men ifylgje Statens vegvesen kan dei då ikkje selje bilane. Sjølv trur Rita og Heidi at det var meininga at dei skulle ha same siffer.

– Eg trur ikkje det er tilfeldig. Eg trur det rett og slett var skjebnen som sa at likt skal vere likt, seier Rita.

– Eg føler at det er telepati mellom oss, seier Heidi.