Hopp til innhold

Tvilar på lyntogutgreiing

- Utgreiinga er vekkasta, meiner økonomiprofessor Arild Hervik.

Hurtigtog

VEKKASTA UTGREIING: Det meiner økonomiprofessor om utgreiinga av hurtigtog mellom Dombås og Ålesund.

Foto: Deutsche Bahn AG, Warter

Arild Hervik

- LES IKKJE: Utgreiinga har inga fagleg interesse, seier økonomiprofessor Arild Hervik.

Foto: Høgskolen i Molde/Ola Nøst

- Eg kjem ikkje til å lese denne analysen. Den har ingen fagleg interesse i så måte. I slike prosjekt undervurderer du kostnadene kraftig, og overvurderer trafikkinntektene kraftig, seier Arild Hervik.

Tvilar på utgreiinga

Økonomiprofessoren ved Høgskolen i Molde er ein av ekspertane som fulgte med då den einaste hurtigtogbana i Noreg, Flytoget til Gardermoen, vart bygd.

Han tvilar sterkt når Deutsche Bahn no lanserer lyntog mellom Dombås og Ålesund som lønsamt.

Har kosta 1 million

- Alle slike konsulentar er i stand til å rekne fram akkurat det som er ønska. For meg ligg det inga fagleg tyngde bak ei slik bestilling som kjem frå ei gruppering som har interesser i dette.

Nesten ein million kroner har utgreiinga kosta. Fleire kommunar har gått saman for å ta rekninga. Ålesund kommune åleine har spytta inn 300.000 kroner.

- Må fore media

Hervik meiner ekspertane som ein dag skal gjere den verkelege vurderinga vil finne lite verdi i denne utgreiinga.

- Det kjem an på kva for briller ein har på. Dei må stadig kome opp med slike analysar for å fore media, og for å få dette prosjektet til å leve politisk. Dei som har ein agenda er sjølvsagt tente med at ei slik analyse kjem.

Norsk Bane Traseforslag

TRASÉFORSLAG: Slik ser Norsk Bane for seg at reisetidene blir ut frå Oslo, om hurtigtoget blir realisert her i landet.

Foto: Norsk Bane AS