Kan bli den første storkommunen som raknar

Nye Ålesund skulle bli eit flaggskip. Fem kommunar blei til ein. Men no kan nærare 10.000 innbyggjarar kome til å seie takk og farvel.

Stortinget vedtok i 2017 å gjere Haram til ein del av den nye storkommunen Ålesund. Det var i strid med kva innbyggjarane i Haram ville.

– Eg trur vi får det mykje betre dersom vi går tilbake til sånn som det var før. Vi var veldig godt fornøgd med Haram kommune.

Det er ingen tvil om kva som er den store snakkisen i sunnmørsbygda Brattvåg. Dei aller fleste som vi møter på gata eller på butikken vil ha tilbake den kommunen dei hadde før.

Haram blei slått saman med Ålesund og tre andre kommunar i 2017. Det skjedde i strid med kva innbyggjarane ville.

Haram underskrifter

I 2017 var det ein stor underskriftsaksjon i Haram, men det førte ikkje fram. Dette biletet er frå ein daglegvarebutikk i Brattvåg.

Foto: Arnt Ove Tenfjord

Udemokratisk

No har ei aksjonsgruppe kome med eit krav om folkerøysting om Haram skal få lausrive seg frå Ålesund.

Ingvill Tolås vaks opp i Brattvåg som var sentrum i gamle Haram. No er ho busett i Bergen, men over nyttår flyttar ho tilbake til heimbygda. Å bli slått saman med Ålesund med tvang synest ho var heilt feil.

– Eg er veldig for aksjonen «Haram går ut av Ålesund». Det som skjedde var udemokratisk. Men det viktigaste for meg er at innbyggjarane får bestemme kva dei vil, og at fleirtalet blir lytta til.

Ingvill Tolås, utflytta brattvåging som vil flytte hjem.

Ingvill Tolås er kritisk til måten Haram blei slått saman med Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Økonomiske problem

Nye Ålesund såg dagens lys 1. januar 2020, men dei økonomiske problema har vore store. Det skuldast først og fremst pengebruken i dei gamle kommunane før samanslåinga. Det har ført til kutt og nedbemanning.

Folk vi møter i Brattvåg klagar over at avgiftene har blitt høgare og tilbodet dårlegare. Det kjem også kritikk mot at det blir brukt for mykje pengar på byråkrati og politikarar.

Men KrF-politikaren Tore Johan Øvstebø meiner det er alt for tidleg å felle ein dom over den nye storkommunen.

– Vi har hatt alt for kort tid på oss til å vise at dette kan vere eit vellukka prosjekt.

Tore Johan Øvstebø, Ålesund Kristeleg folkeparti

Tore Johan Øvstebø (KrF) har framleis trua storkommunen Ålesund.

Foto: ØYVIND SANDNES / NRK

Krevjande

Dei kommunane som ønskjer å skille seg, har dårleg tid. Den nye regjeringa har sagt at kommunane må ha gjort vedtak om dette innan 1.juli 2022. Men allereie no har altså aksjonsgruppa i Haram fremja krav om folkerøysting. Også i Søgne har det kome krav om dette. Spørsmålet er om fleire når fristen i tide. Ålesund kan bli den første storkommunen som raknar.

Politikarane i Ålesund som skal avgjere dette må ta fleire omsyn. Eitt av dei er kva konsekvensar det kan få for mellom anna økonomien. Eit anna er omsynet til folkeviljen.

Og det er ikkje berre å knipse med fingrane. Professor ved Universitetet i Bergen, Yngve Flo, trur at dette kan bli krevjande.

– Skal Haram bli gjenoppretta så vil det bety at ein opprettar ein heilt ny kommunal organisasjon. Det kan både bli dyrt og krevjande på andre måtar.

Kompensasjon

Før politikarane i Ålesund skal gjere vedtak skal det bli lagt fram ein analyse av konsekvensane av ei deling av kommunen. Den kan bli svært avgjerande for utfallet. For politikarane vil økonomien vege tungt.

– Eg meiner det er ein sjølvfølge at Staten kompenserer for kostnadane. Dette kan ikkje kommunane bere sjølve, seier Harald Nordang i aksjonsgruppa.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Kva svar kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) gir Ålesund kommune kan bli viktig for utfallet.

Foto: Heiko Junge / NTB

I regjeringserklæringa står det ikkje eit einaste ord om kompensasjon for økonomisk risiko ved oppløysing av kommunar. Den nye kommunalministeren Bjørn Arild Gram (Sp) skriv til NRK at regjeringa vil kome tilbake til spørsmålet om kompensasjon for skilde kommunar.

Han meiner det er godt argument for at staten kompenserer kostnadar, helt eller delvis. Men han meiner diskusjonen heller bør handle om gode tenester til innbyggjarane og eit levande lokaldemokrati.