Hopp til innhold

Tv-innspeling gir travle dagar for driftssjefen i Hødd

Per Arve Moldskred er driftssjef på Høddvoll for Hødd Fotball, men i nokre dagar no er namna endra til Varg IL og Tangsrud Arena. Årsaka er sjølvsagt innspelinga av NRK si nye storsatsing "Hjemmebane".

Per Arve Moldskred, Varg IL

Per Arve Moldskred framfor Varg IL-skiltet som har tatt over heidersplassen på veggen på klubbhuset, for ei lita stund.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kampar og treningar har vorte flytta og avlyste, men det har vore få sure miner å spore på Høddvoll (eller Tangsrud Arena) av den grunn. Moldskred seier at folk er positive til den aktiviteten som skjer på området nokre dagar no. I august vert det ei ny runde med innspeling av serien som har premiere på NRK i mars 2018.

Høddvikingen må vike for Varg IL

Hødd-vikingen har hamna på sidelinja for ein periode og Varg IL har tatt over og stadion har fått namnet Tangsrud Arena.

Foto: Arne Flatin / NRK

Driftssjefen med lang fartstid i klubben viser fram endringane som er gjort på stadion og klubbhuset som følgje av innspelinga. Storesalen på Høddvollhuset er også gjort om til kostymelager og sminkerom. Til og med slagordet på Høddvoll er endra frå "Liten men stor" til "me som VIL det mest". Eit slagord Moldskred har sansen for.

– Det kunne ha vore vårt eige slagord det der, smiler han.

Les meir om Hødd her

Gode pengar

Hødd har stilt stadion og klubbhus til disposisjon og har hatt fleire omfattande møte og korrespondanse med NRK. At Hødd også får ein solid kompensasjon legg ikkje Moldskred skjul på. Det er gode pengar å ta med for ein klubb som rykte ned frå toppfotballen til breiddefotballen ifjor.

På hotellet i Ulsteinvik sentrum held skodespelarar, filmfolk, regissørar og produsent til.

Vilje Kathrine Hagen er produsent for "Hjemmebane". Ho seier det var enkelt å velje Ulsteinvik og Høddvoll som produksjonsstad for serien.

Vilje Kathrine Hagen

Vilje Kathrine Hagen er produsent for "Hjemmebane", og er strålande fornøgd med opphaldet i Ulsteinvik så langt

Foto: Arne Flatin / NRK

– Då vi såg heimebana til Hødd var vi i grunnen ikkje i tvil. Den ligg fantastisk fint til. Utsikta er flott. I tillegg har kommunen stilt opp og ikkje minst var Flø ein positiv faktor i det heile, seier ho.

Serien har premiere om eit snaut år i mars 2018. Og produsenten har god tru.

– Spør du meg så trur eg det vert kjempebra. Eg har ståltru på dette her og eg trur at alle som jobbar med dette føler det same.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL