Tussa opplyser at fleire kundar har slutta å sende inn avlesingar, og at dei dermed vil gå på dørene for å sjekke straumforbruket. Ved årsskiftet vart kundane bedne om å sende informasjonen om forbruket via telefon eller internett.
Stipulert forbruk
Når Tussa no startar opp igjen med fast målarstandkontroll, har dette bakgrunn i fleire konkrete ønskje: Vi ønskjer å hente inn målarstand frå kundar som av ukjend årsak har slutta å sende inn avlesingar til oss. Manglande målaravlesing gjer at vi må stipulere eit forbruk, og dette kan slå ut i anten for høg eller for lav rekning til kunden, seier Helge Muren som er leiar for Måling- og avrekningsavdelinga i Tussa.
Ikkje lese av siste to år
I denne omgang besøkjer vi alle som ikkje har lese av målaren sin dei siste 2 åra eller meir. Dersom kunden har betalt inn for mykje, vil dette verte tilbakebetalt. Dersom kunden har betalt for lite, bør vi få justert innbetalingane før gjelda vert for stor, seier Muren.
Det er viktig for oss å ha kvalitetskontroll på at nye rutiner og system gir kunden ei rett og påliteleg straumrekning. Stikkprøva er altså ei rein kvalitetssikring som vert innført som fast ordning i Tussa. Kven som får besøk av oss skal vere tilfeldig, seier Muren.