Tussa med årsresultat på 56,2 mill

Tussa Kraft i Ørsta fekk eit årsresultat etter skatt på 56,2 millionar kroner. Resultatet er på nivå med 2017, skriv Tussa i ei pressemelding. Både driftsinntekter og -kostnader har auka frå 2017 til 2018 for konsernet. Hovudårsakene til dette er høgre kraftprisar og at kraftkjøpet for vidaresal til sluttbrukar vart lagt om frå konsernintern handel til konsernekstern handel frå september.

Tussa
Foto: Tussa