Kristiansundarane slår ring rundt familien som mista den 10 månader gamle guten sist helg. I samla flokk gjekk dei med tende lys i hendene frå Piren på kaia, opp Kaiabakken og til sjukehuset. Der blei det halde eitt minutt stille for vesle Sebastian, samt fleire appellar.
Markeringa er også ei støtte for at barneavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund igjen skal halde ope i helgane.
Vil ha likt tilbod
Mellom dei som held appell, var ordførar Ann-Kristin Sørvik i Averøy (Sp). Ho kravde ei barnavdeling som heldt open sju dagar i veka.
– I kveld er vi alle mamma eller pappa, søster eller bror, eller besteforeldre. Vi har ein kultur for å stå saman i vanskelege stunder,og viser varme overfor kvarandre, sa ho mellom anna.
Ho berømma nordmøringa for at så mange slutta opp om markeringa.
– Vi på Nordmøre godtar ikkje at våre barn og unge ikkje skal ha same tilgang på spesialhelsetenester som resten av Midt-Noreg har. Nordmøre er og skal vere ein kraftig region, og det aller viktigaste er at vi tek vare på barn og ungdom som er framtida vår, sa Sørvik.
Ho avslutta appellen sin ved å oppmode dei frammøtte til å ta rundt kvarandre og vise at saman er ein sterke.
Uverdig
Tove Lise Torve, tidlegare ordførar i Sunndal og mangeårige stortingsrepresentant (Ap) heldt også appell. Torve takka nordmøringane for at dei bryr seg.
– Det store oppmøtet og engasjementet i saka viser kor mange som krev at barneavdelinga skal vere open i helga. Vi er også med og viser medkjensle med dei som miste guten sin i helga, sa ho.
Torve kravde i sin appell at styret i Helse Møre og Romsdal på møtet sitt i morgon, opnar barneavdelinga i helgane.
– Dei ekstra belastingane for dei som blir direkte berørt av helgastenginga, er direkte uverdig i dagens Noreg, sa Torve.
Også barnelege Martin Unger heldt eit kjenslelada innlegg, der han sende alle frammøtte si medkjensle til familien som har mist barnet sitt.
Det var ellers fleire kulturinnslag under markeringa. Lystoget rørte mange i Kristiansund i kveld.
- Les også:
- Les også:
- Les også: