Hopp til innhold

Tusenvis av rundballar kan bli øydelagde

Store mengder rundballar frå fjoråret ligg framleis ubrukte på markane. Dermed kan fôr for tusenvis av kroner gå tapt.

Rundballar

Slike haugar med rundballar som er til overs kan ein sjå over heile fylket.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Medan det i fjor vinter var fôrkrise etter ein elendig sesong med dårlege grasavlingar, har det det siste året vore stort overskot på rundballar.

Ein sjeldan situasjon, seier forskar på beite og gras, Håvard Steinshamn på Bioforsk på Tingvoll.

– Mange av rundballane som ligg att no vil nok gå tapt.

Øydelagd fôr

På åkrane og langs vegane gjennom heile fylket kan ein sjå dei store, kvite "traktoregga". Det hardt samanpressa graset er pakka inn i plast for å konservere og lagre det til dyrefôr gjennom vinteren.

Håvard Steinshamn

Håvard Steinshamn forskar på beite og gras.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Rundballar

Denne garden i Tingvoll er ikkje den einaste som har mange rundballar dei ikkje får brukt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Godt inn i juni månad ligg det framleis att alt for mange rundballar i forhold til behovet.

Akkurat kor lenge rundballane kan ligge utan at at graset blir øydelagd, veit forskarane lite om.

– Eg kjenner ikkje til at det har blitt gjort noko forsøk med tanke på kor lenge graset kan vare. Men vi veit at plasten taper seg, og om det går hol på rundballane ryk fôret fort, seier Steinshamn.

– Ikkje lett å selje

Dersom rundballane er øydelagde, ventar mykje ekstraarbeid for bøndene med kompostering.

Kjøp og sal av rundballar var god forretning i fjor då det var eit dårleg år, men i år trur Steinshamn det blir vanskeleg å kvitte seg med det som er til overs.

– Eg trur nok ikkje at rundballane som ligg over frå i fjor er særleg ettertrakta.

Håvard Steinshamn fortel at den kalde våren og forsommaren ikkje har gjort skade på årets grasavlingar.

– Eg trur at grasavlingane er gode, men utfordringane er å få godt nok vêr til å hauste det.