Hopp til innhold

Tusenvis av elevar ramma av datatrøbbel

Det har vore store dataproblem i åtte sunnmørskommunar i haust og dette har skapt trøbbel for elevar som har lærebøkene digitalt.

3.klassingane Noah Lunde Myren og Hannah Vatne Absolonsen får hjelp med data av læraren

Noah Lunde Myren og Hannah Vatne Absolonsen får datahjelp frå lærar Silje Lande Klokk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det nye skuleåret starta med datatrøbbel for mange skular i dei åtte kommunane som er med i eKommune Sunnmøre. (Ålesund, Haram, Sula, Giske, Skodje, Ørskog, Norddal og Sandøy) 3805 elevar og lærarar miste tilgangen sin etter at det vart innført nytt system.

Ved Godøy skule var det krise nokre dagar for elevane, som ikkje fekk logge seg på.

– Hos oss er vi praktisk talt stengt som skule når nettet eller IT ikkje fungerer som det skal. Vi har digitale mattebøker på ungdomstrinnet og digitale engelskbøker på mellomtrinnet, seier Sissel Bjørklund Thomassen.

Ungdomsskuleelevane miste også viktig arbeid som hadde blitt gjort på vårparten og som skulle halde fram over ein lang periode, men IT-avdelinga klarte å gjenopprette filene.

Halve klassen må finne på andre ting

På Spjelkavik barneskole i Ålesund står to datarom med pc-ar klare til bruk, men når elevane skal ha datatime er det slett ikkje alle som klarer å logge på. 3.-klassingen Hannah Vatne Absolonsen er ein av dei som har opplevd at dataen ikkje fungerer som den skal.

– Det er gøy med data, men eg klarer ikkje å logge meg på alle maskinene, seier Absolonsen. Det veit lærar Silje Lande Klokk alt om.

– Det er litt kjedeleg når halve klassen ikkje kjem inn når vi skal ha data og lære touchmetoden. Då må vi byte på maskinene og nokre må gjere andre ting, seier lærar Silje Lande Klokk.

Passord med 14 teikn

Harald Eidså

Rektor Harald Eidså ved Spjelkavik barneskole vedgår at det har vore startvanskar etter innføringa av ny dataløysing.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rektor ved Spjelkavik skole, Harald Eidså, sit i arbeidsgruppa for Ekommunen og vedgår at det har vore litt startvanskar etter at det vart innført eit felles administrativt datasystem og felles pedagogisk programvare.

– Det har vore smårusk i maskineriet, men det er naturleg når det er så store implementeringar i så mange kommunar, seier Eidså. Alle elevane skal logge på systemet med eigne brukarnamn og passord.

Passorda er på 14 teikn, og rektoren vedgår at det er i det meste laget for dei yngste elevane. Løysinga har blitt at elevane i småskulen har fått felles passord.

– Eg er samd i at det er for langt med 14 teikn, men ein brukar frasar. For eksempel 3–4 ord frå ein song, seier rektoren.

Skuldar på leverandør

IT-ansvarleg i Ekommune Sunnmøre Are Staurset meiner det er leverandøren av systemet som har skulda for dataproblema. Tusenvis av elevar og nokre lærar mista tilgangane til systemet, der dokumenta ligg lagra.

– Vi har hatt ute eit prosjekt på anbod og fekk ein leveranse på eit identitetshandteringssystem, som inneheldt feil, seier Staurset. Han seier at dette har skapt mykje ekstraarbeid for IT-avdelinga.

– Eg forstår at elevar og lærar er frustrerte. Det har også vore ein stor frustrasjon hos oss, seier Staurset. No skal det meste av datavanskane vere rydda opp i.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no