Hopp til innhold

Tusenvis fekk feilmelding om at dei hamnar bakarst i køen for skuleplass

Kristine Hansen Aas (18) skjønte ingenting då ho fekk beskjed om at skuleplassen til hausten hang i ein tynn tråd. Tekstmeldinga som skulle til ein elev, gjekk i staden til nesten 14 000.

SMS til elevar

Denne tekstmeldinga blei ved ein feil sendt ut til alle søkjarane til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Den skulle eigentleg berre til ein elev.

Foto: Marius André Stenberg

Kristine Hansen Aas (18) har budd i Ålesund heile livet, men fekk i dag tidleg beskjed om at skuleplassen hang i ein tynn tråd. Møre og Romsdal fylkeskommune sende ved ein feil ut beskjed til nesten 14 000 søkjarar om at dei ikkje bur i fylket, og dermed stiller bakarst i køen om skuleplass.

– I starten tenkte eg at dette er jo ganske alvorleg, men då eg oppdaga at fleire hadde fått den same tekstmeldinga, skjønte eg at det måtte vere feil, seier Aas.

Ho går i andre klasse på internasjonal linje på Fagerlia vidaregåande skule, og seier alle i klassen fekk den same beskjeden.

Kristine Hansen Aas

Kristine Hansen Aas (18) skal etter planen ta fatt på tredje året ved Fagerlia vidaregåande skole i Ålesund til hausten. I dag tidleg fekk ho beskjed om at ho risikerte å stille bakarst i køen.

Skuldar på menneskeleg feil

Møre og Romsdal fylkeskommune driv no med saksbehandling av søknader til vidaregåande opplæring til hausten, og skulle sendt meldinga til ein konkret elev. I staden gjekk den ut til 13 700 søkjarar.

– Det er veldig beklageleg at vi gjorde det, men det er jo ein menneskeleg svikt, rett og slett, seier rådgjevar Laila Nilsen.

Skjermdump sms

13 700 elevar fekk denne meldinga.

Foto: Skjermdump

Fekk «sjokkmelding» i eksamenstida

Landets 10.-klassingar er no inne i ein hektisk innspurt med eksamen etter fullendt grunnskule. I dag fekk alle som har søkt vidaregåande skule i Møre og Romsdal beskjed om at dei er folkeregistrerte i eit anna fylke. Dersom det hadde vore tilfelle, risikerer dei å hamne bakarst i køen, bak alle andre søkjarar. Dette fekk dei også beskjed om.

– Midt oppe i eksamenslesinga tok imot elevane ei melding som dei naturleg nok reagerer på. «Kva er dette», tenkte dei nok og blei svært urolege, seier Jan Erich Rønneberg, som sjølv har ei 17 år gamal jente.

Jan Erich Rønneberg

Jan Erich Rønneberg seier han forsøkte fleire gongar utan å kome fram til sentralbordet hos Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: privat

Han fortel at han sjølv forsøkte å ringe fylkeskommunen, men utan å kome gjennom. Han er glad for at dei var raske med å sende ut ein kontrabeskjed.

Sentralbordet braut saman

Det har ikkje vore mogleg å nå gjennom på sentralbordet til Møre og Romsdal fylkeskommune torsdag. Nilsen stadfestar at dei har hatt massiv pågang for å rydde opp i feilen.

– Vi har hatt veldig mange telefonar, men dei fleste tek det med godt humør, og skjønar at det er ein feil, seier ho.

Møre og Romsdal fylkeskommune sende i formiddag også ut ein kontrabeskjed til søkjarane.

– Det er ein litt alvorleg feil. Det var nok mange som blei litt bekymra, seier 18 år gamle Kristine Hansen Aas.