Hopp til innhold

Her er dei beste påsketurane

Leiter du etter skiføre i påska må du opp i fjellheimen. I ytre delar av fylket ligg derimot turstiane berre. Moglegheitene er mange uansett kva ein vel å ha på beina i påska.

Naustådalen

Ei sein påske og lite snø gjer at ein må inn i fjellheimen for å finne skiføre. Her på veg inn Naustådalen i Surnadal kommune.

Foto: Håvard Johansen

For å nyte ein appelsin i solveggen etter ein strevsam men hjartegod skitur må ein fyrst og fremst til indre delar av Møre og Romsdal i påska.

Litt oppe i høgda i fjellheimane er det framleis skiforhold, opplyser representantar frå turistforeiningane i fylket.

I dei nordlegaste delane anbefaler Eirik Gudmundsen i Kristiansund og Nordmøre Turistforening områda frå Sunndalen via Trollheimen til Vindøldalen. Der trur han dei fine forholda held seg til påske.

Av anbefalte toppturar seier Gudmundsen "alt i Innerdalen".

– Dronningens Krone er superturen. Elles er Grødalen eit alternativ, med ein fin tur opp til Råstu. Toppane i dette området har lett tilkomst, seier han.

Finn din påsketur på ut.no.

Skarven

Biletet er teke på veg opp til Skarven på Tustna i Aure kommune. Bak ligg Jurtinden (857 moh.), med Kristiansund i det fjerne.

Foto: Håvard Johansen

Vårstemning i ytre?

Om sola kikkar fram og temperaturen bikkar ti grader vil nok kjensla av vår (om ikkje sommar) kome raskt i ytre delar av fylket. På Nordmøre står 13 hytter rundt Vinjefjorden opne. Her har vårsteminga alt vore på besøk, seier Gudmundsen i turistforeininga.

– I ytre strøk er snøen borte, og det er gode moglegheiter for både fotturar og fiske. På Imarbu ved Imarsundet ligg båtar og teiner klare.

Lengre sør er kystområda like berre. Atle Frantsen i Molde og Romsdals Turistforening var nyleg i ytre delar av Fræna, og melder at det er veldig fine forhold for å gå på beina.

– Gulberget rundt Bud er eit flott område for familieturar. Der er ikkje det ein snøflekk, seier han.

For turar nærare Molde nemner Frantsen Julnesområdet, som er tilrettelagt med turvegar og turstiar. Dei lågare områda av Moldemarka er òg snølause, fortel han.

Måsvassbu

Måsvassbu ligg ved Måsvatnet inst i Langdalen i Nesset kommune.

Foto: Dyre Halse

Snø i Rauma og Nesset

Skal ein finne snø i Romsdal er Rauma og Nesset dei mest ynda områda, meiner Frantsen. Han håpar det kvite dekket held seg til påskeferien, men legg til at turfolk uansett ikkje bør forvente noko tjukt snølag.

– Spontant tenkjer eg på Osmarka, der vil det truleg vere snø til påske. Det er eit område med fint, slakt familieterreng med fjelltoppen Dua som eit potensielt turmål, seier han.

Av toppturar i Romsdal gir Skarven i Skorgedalen flott fjordutsikt, og brukar å ha skiføre eit godt stykke utover våren, seier Frantsen.

– Om folk vil endå høgare til fjells, er Måsvassbu eit flott utgangspunkt for påskeferien. Der anbefaler eg å liggje fast nokre dagar og gå på tur.

Sjå snøskredvarselet frå varsom.no for ditt område her.

Topptur i Sunnmørsalpene

Snøgrensa ligg på 500-600 meter i Sunnmørsalpane. Husk å sjekke rasvarslinga før du legg ut på skitur.

Foto: Hallgrim Rogn/Den Norske Turistforening

Innbydande alpetoppar

– Når du kjem over 500-600 høgdemeter så har du snø i Sunnmørsalpane.

Det seier ein entusiastisk Arild Eidset i Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Han trekk fram Standaleidet i Ørsta kommune som ein sentral stad for skiutfart i fjellet, der Svinetinden er eitt av mange ynda turmål.

Eidset er full av forslag. Frå Kvistaddalen når ein Skårasalen og Dukhornet. Tek ein sjøvegen til Trandal og køyrer opp i dalen, ligg Trandalstinden, Skarabben og Blåbretinden klare for oppstiging.

For meir familievenlege turar i slakare terreng føreslår Eidset at ein fyller opp skiboksen og køyrer opp Habostaddalen og går på ski fram til Patchellhytta.

Nyleg har ÅST merka eit løypenett i Tafjordfjella med 40 meter mellom kvar kvist.

Sjå detaljerte turforslag for Tafjordfjella her.

Runde fyr

Himmelen over Runde fyr har dessverre ikkje vore like blå som dette i det siste. Fyren er uansett open heile året, der ein kan overnatte i både storm og godvêr.

Foto: Arnfinn Tonnesen

Fuglesus

Dei siste snøflekkane i dei ytre delane av Sunnmøre ser ut til å forsvinne raskt. Øyperlene ligg dermed klare for fotturar, sjølv om det nok er fuktig fleire stader.

Her er Runde alltids eit godt turmål. Hekkinga har kome i gang, så det største fuglelivet på Runde går føre seg på denne tida av året.

Runde fyr er open heile året. Der kan ein overnatte. Spesielt flott er der når det er styggevêr, våger Eidset seg til å seie. Sjølv er han svak for øyane litt lengre nord.

– Å gå Kløvstigen opp til Storevatnet på Godøya og vidare opp til toppen er fabelaktig. Så likar eg meg godt på Molnesfjellet på nordsida av Vigra - og ikkje minst Lepsøya, med ei fantastisk utsikt frå Goalden.