- Dette er ein stor og viktig dag for turistbygda Geiranger, seier dagleg leiar Geir Gjerde i reiselivsorganisasjonen Destinasjon Geiranger og Trollstigen.
Skodde
Skodda hang ned i fjella, på denne rekorddagen i Geirangerfjorden. Men stemninga blant turistar og fastbuande var likevel stor. Heile 6 turistskip på fjorden samstundes er kanskje heilt på grensa av kva fjorden tåler.
- Nei vi tøyer ikkje grensene lenger enn det fjorden kan tåle, seier Geir Gjerde. - Men det er klart at det er svært mykje som skal klaffe når vi har heile 6 skip på fjorden, seier Gjerde.
Til saman vaar det i dag 5200 passajerar som sette sitt preg på turistbygda. I tillegg kjem eit mannskap på tilsaman 2300.
Her ser vi "Aida Blu" heilt til venstre, "Costa Atlantica" som er på veg inn, "Arion" er på veg ut, "Columbus" ligg litt på tvers, bak der igjen har vi "Funchal". Og sist og minst "Andrea". Hurtigrutekjennarar vil vite at dette er den gamle hurtigruta "Harald Jarl". Skipa er på tilsaman 188.579 brutto register tonn.
Mange rekordar
Det er altså rekord når det gjeld talet på skip. Når det gjeld tal på turistar så har det vore høgare tidlegare i sesongen. - Og det blir ein ny kjempedag torsdag 15. juli, seier Geir Gjerde. Då kjem verdas største skip, "Qeen Mary 2" til Geiranger.