Turistbuss av vegen

Ein turistbuss med 29 personar om bord har sklidd av vegen på fylkesveg 6072 ved Bruhagen i Averøy. Ingen skal vere skadd, opplyser politiet. Det skal vere roleg og udramatisk på staden.