Hopp til innhold

Ellevill dødsleik ved Flydalsjuvet - igjen

Naturfotograf Joar Ødegård vart vitne til endå fleire turistar som trassar sperringane ved 315 meter høge Flydalsjuvet ved Geiranger. Sjå dei skremmande bileta her.

Flydalsjuvet Geiranger

Her trassar turistane sperringane igjen.

Foto: Joar Odegaard

Joar Ødegård tok i går turen til Geiranger som naturfotograf, og tok bilete av flotte Flydalsjuvet øvst i Geiranger. Der vart han vitne til 4–5 turistar av asiatisk opphav som stod heilt ute på stupet.

– Det eg legg merke til er fleire turistar som leikar ein ellevill dødsleik på ein av knausane nær Flydalsjuvet. Eg trudde det mest skremmande var då ein i raud genser balanserer på ein fot på kanten, men det er heilt til ei mørkkledd kvinne går fram, tek sats, og gjer eit spretthopp berre centimeter frå kanten, fortel Ødegård.

Men der stoppa det ikkje. Ødegård fekk hjartet i halsen endå ein gong:

– Ikkje nok med dette, ho landar skeivt, viftar med hendene for å innhente balansen. Skremmande!

Flydalsjuvet Geiranger

Den risikofylte leiken skremte fotograf Joar Ødegård.

Foto: Joar Odegaard