Dei to, som var ute i ein 16 fots open plastbåt, blei funne i god behald ved Hovedvika ved innløpet til Innfjorden, der dei hadde søkt ly for vinden.
Eit seaking redningshelikopter frå Ørlandet og ambulansehelikopteret frå sjukehuset i Ålesund var sett inn i leitinga etter dei to tyske turistane i småbåt i Romsdalsfjorden ved Måndalen. Også redningsskøyta "Kjøpstad" leitte etter dei to i tillegg til styrkar på land
Det bles kraftig i området, og det var eigaren av campingplassen der tyskarane budde som varsla politet om at tyskarane trengde hjelp.
Det blei leita både på land og til sjøs, fortel vaktleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt Erling Strøm.