NRK Meny

Turistar henta med helikopter

To tyske turistar blei henta med redningshelikopter på Tustna natt til fredag. Dei hadde tatt kontakt med AMK-sentralen etter å ha gått seg vill på ruta mellom Trollstua og Gullsteinvollen. Den eine personen hadde små skadar i ein fot. Dei var innom ein sjekk på sjukehuset i Kristiansund, men skal vere i god form, opplyser politiet.